Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Bagatellar av John Zorn

JAZZ FEST SARAJEVO – DAG 3: ZORN – BAGATELLES MARATHON, FREDAG 4. OKTOBER 2016: Ein skal vera meir enn frelst på John Zorn om ein ikkje ser utfordringar i å gjera ein heil kveld, med elleve band, og med berre Zorn-komposisjonar. I etterpåklokskapens klare ljos kan ein slå fast at det funka.

Grunn til at det funka så bra, låg i det tilhøve at ein fekk presentert Zorns musikk gjennom så mange ulike konstellasjonar og så mange kunstnarlege temperament at variasjonen blei eit framtredande element. I tillegg kasta dei ulike ytringane ljos på kvarandre, og gav komposisjonane som saman utgjer verket «Bagatelles», stadig nye perspektiv.

«Bagatelles» er ein verk-syklus John Zorn skreiv i 2015. Som hans to tidlegare syklusar «Masada Book 1» og «Masada Book 2: Book of Angels» er dette eit verk sett saman av 300 småstykkje for varierande og roterande samansetjing. «Bagatelles» vart framførd første gongen i mai 2015 på klubben The Stone i New York over fleire søndagskonsertar.

Sidan det har verket vore framførd på FIMAV-festivalen i Canada i mai i år – delt over tre konsertar. Og i august 2016 vart verket sett opp på Village Vanguard over seks kveldar. I Sarajevo vart eit utvalg av komposisjonane  i «Bagatelles» framførd over ein einaste kveld. Velkomne til ein bagatell av ein Zorn-maraton!

Zorns komposisjonsstil har nokre klare kjennemerke, og i ein meir konform setting kunne det blitt ganske enerverande. Det skjedde altså ikkje, tvert om. I løpet av konserten sa Zorn det sjølv: «Det tok til som eit tre månader langt komposisjonsprosjekt, men det blei meir og meir eit framføringsprosjekt». Gjennom heile seansen sat Zorn på høgre scenekant delvis skjult av eit trekk, men ikkje meir skjult enn at ein kunne sjå gestikuleringa og begeistringa hans.

Bandet Masada, dvs. med Zorn, Dave Douglas (trompet), Greg Cohen (bass) og Joey Baron (trommer) opna ballet på forrykande vis, og så gjekk det slag i slag i bolkar på frå 20 – 30 min (idealtid 25 min). Etterpå var det dei to gitaristane Gyan Riley og Julian Lage sin tur før ein kom til kveldens første opptur, Nova Quartet.

Med John Medeski, piano, Kenny Wollesen, vibrafon, Trevor Dunn, bass og Joey Baron på trommer viste bandet til tider fram den andre sida av Zorn. Kvartetten spelte ein låt som likna til forveksling på Eddie Harris-klassikaren «Compared to What» med lengre kor av både Medeski, Wollesen og Dunn. Skikkeleg opptur!

Dei to neste etappane handla om ekstreme motsetnader. Sylvie Courvoisier og Mark Feldman – på hhv. piano og fiolin – gjorde eit utruleg dynamisk og variert sett før dei overlet scenen til ungdomsalibiet – trioen Trigger. Skikkeleg punk, men med ein bassist som viste fram alternativ virtuositet inn i mellom rituell headbanging. Simon Hanes på bass er eit namn ein kan merkja seg først som sist.

Cellistane Erik Friedlander og Jay Campell kom på etter pause og sette standarden. Utruleg kommunikativt! Uri Caine følgde opp med eit ekspressivt sett som ikkje er kvardagskost frå den kanten, medan Ikue Mori tok det ned i sitt elektroniske univers. Klare idear, men ein kjende at idealtida var nok.

John Medeski Trio med sjefen sjølv på Hammond B3, Dave Fiuczynski, gitar og Calvin Weston, trommer blei ein nedtur fordi lyden var ekstremt ubalansert, og ein kunne sjå at dei tre sleit med kommunikasjonen. Eit nytt høgdepunkt kom med soloavdelinga til Craig Taborn. Han imponerer meir og meir! Synd pianolyden ikkje var tilfredsstillande.

Marc Ribot, Trevor Dunn og Kenny Grohowski stod for finalen med Zorn som dirigent. Det var ein performance i konserten som var ganske ubeskriveleg. Ribot var i fyr og flamme, og bass og trommer var så til dei grader på plass. Det sytte dirigenten for.

Tekst: Lars Mossefinn

Foto: Stamp by BH Posta on the occasion of the 20th Jazz Fest Sarajevo

PS: Zorn la ned fotoforbod og salt peanuts* retta seg etter det, sjølv om det ikkje kan vera tvil om at dette er er ein tvilsam praksis frå kunstnaren i eit ytringsfridomsperspektiv. At ein så reflektert person som John Zorn ikkje ser det, er ei gåte.

Skriv et svar