Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Chick Corea og Trondheim Jazzorkester held seg 17 år etter

NORTH SEA JAZZ FESTIVAL, DAG 3, 9. JULI 2017: Då Erlend Skomsvoll sundag kl. 18.45 på festivalens siste dag slo av «Matrix», kunne ein slå fast at jomfruturen til Trondheim jazzorkester (TJO) saman med Chick Corea på Moldefestivalen i 2000 stod seg – med glans!

Siste festivaldag byrja med eit møte med kvintetten til  den meksikanske vokalisten Fuensanta Mendez. Ho er student ved konservatoriet i Amsterdam, og bandet er medstudentar. Det var eit skikkeleg internasjonalt lag med israelsk trommeslagar, skotsk bassist, italiensk saksofonist og armenske Liya Gregoryan på piano. Sistnemnde gjorde inntrykk.

Steve Coleman hadde teke med seg Five Elements og supplert gruppa med samtidsmusikkorkesteret Doelenensemble. Dei framførte Colemans verk «Council of Balance». Eg fekk berre ein del av konserten med meg, men inntrykket av manglande innstuderingstid melde seg raskt.

Amazon-salen var fullsett då Chick Corea (bilete) ynskte velkomen til konsert. Han tok oss attende til Molde og byrjinga av prosjektet og beskreiv Erlends Skomsvolls rolle «….not as arranger. He actually recreated my music.» Med desse orda var konserten i gang med «Spain» med ein elegant overgang til «Crystal Silence». «What Game Shall We Play Today» hadde ein finurleg innleiing, men nærma seg ganske raskt utgangspunktet. Sissel Vera Pettersen var strålande, og i Skomsvolls «Min gitar», som kom som sjette (?) låt hadde ho ein tet-a-tet med Corea som var eit høgdepunkt i konserten.

Det blir kanskje feil å dra fram høgdepunkt frå ein konsert som er strålande frå start til mål, men det må også vera lov å nemna bassist Ole Morten Vågan og trommeslagar Håkon Mjåset Johansen. Det største løftet i prosjektet på desse 17 åra er samarbeidet mellom Corea og dei to nyss nemnde. I «Bud Powell» sette Corea tospannet på verkeleg prøve.

Alle leverte både som ensemble og i solistrollen, og Skomsvoll var som alltid inspirerande dugnadsleiar. Corea spelte nett så kreativt og variert som venta med ein rik og krisp klavertone som alltid hadde sin tydelege plass i lydbiletet. Det siste skal ein takka den dugande lydmannen, David Solheim, for.

Van Morrison er i kjempeform for tida. Vokalen er like sterk og klar som i ungdomen. Første del av konserten var vigd materiale frå den siste plata hans. Lenger ut i konserten kom perlene på rekkje og rad, «Moondance», «Baby, please don’t go», osv. Det gjorde heller ingenting at Candy Dulfer entra scenen eit stykke ut i konserten.

Angels 9 si plate på Clean Feed har vekt oppsikt. Dette var mitt første møte med ensemblet live, og etter denne opplevinga finn eg grunn til å halda bandet endå høgare. Musikken er skriven og arrangert av den svenske altsaksofonisten og komponisten Martin Küchen. Som namnet indikerer har han med seg åtte andre ‘englar’, eigentleg eit all-star-team: Erik Hegdal, barytonsaks, Magnus Broo og Goran Kajfes, trompet, Mats Äleklint, trombone, Alexander Zethson, piano, Mattias Ståhl, vibrafon, Johan Berthling, bass og Andreas Werliin, trommer.

Musikken til Küchen er ein kombinasjon av bastant groove i kompet kombinert med vekslande riff i blåserekka samt ein del kollektiv fri utblåsing, det heile gjort med elegant variasjon og krydra med fantastiske solistiske bidrag frå heile ensemblet. At Küchen på sjarmerande vis bind det heile saman med fritt assosierande kommentarar, gjer ikkje opplevinga ringare.

Steve Lehman er alltid eit must å få med seg. I denne varianten av Sélébéyone blei eg etterkvart litt meir i tvil. Lehman på altsaks hadde med seg Maciek Lasserre på sopransaks, Damion Reid, trommer og dei to rapparane senegalesiske Gaston Bandimic og amerikanske HPrizm. Lehman hadde med seg førehandsinnspelt elektronikk som han styrte frå ein iMac på scenen. Det gjorde musikken lite smidig, ja, nærast føreseieleg. Tekstane Bandimic var vanskeleg å få med seg, og etter ei stund framstod det heile som ganske meiningslaust, noko det heilt sikkert ikkje er. (Lehman vert å høyra i Bergen i haust med fullt band. Då kan meininga koma?)

North Sea Jazz Festival 2017 var fylt med god musikk, men også fylt opp av 75.000 musikkturistar der mange viser påfallande mangel på respekt for at dei faktisk er i møte med levande musikarar. Mobiltelefonen blir ikkje slått av. Folk kjem og går som det passar dei, brøyter seg inn på benkradene sjølv om musikken er på sitt varaste, og høglydte diskusjonar om kor ein skal høyra neste konsert, er meir regelen enn unntaket. Likevel sigrar ofte musikken, og bodskapen kjem fram til dei som vil høyra, og dei er det trass alt mange av. Det verkar berre ikkje slik. Festivalleiinga har ei stor utfordring i å heva folkeskikken nokre hakk.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Martin Taxt

Skriv et svar