JAZZ PÅ JØLST, JØLSTER, DAG 2, 10. OKTOBER 2026: Toget med Marius Hirth Klovning (gitar og vokal), Edvard Mjanger (bass og vokal) og Mats Mæland Jensen (trommer og vokal) stod for den tradisjonelle familiekonserten kl. 12.00 på Brunsj & briller. Det er hyggeleg å oppleva konsertar mynta for born som er så gjennomarbeidde og av slik høg kvalitet. Ikkje berre spelar dei bra, men dei har ei oppbygging og dramaturgi som gjer at alle heng med til siste slutt. Noko av hemmelegheita ligg nok i at dei lagar musikalske vriar på repertoaret som dei kosar seg med å spela. Klovning er ein naturleg frontfigur, men Mjanger og Mæland Jensen finn seg godt til rette i rampeljoset.
Eg høyrde trioen på Voss for ei tid attende, og ein stor del av repertoaret er framleis med, men arrangementa og dialogen med publikum har utvikla seg mykje. Trioen koplar stram regi med ei tilbakelent haldning. Spilloppane er porsjonerte ut i høvelege mengder. Profesjonelt tvers i gjennom.
Audhild Vikens vevstove, kl. 14.00 Bandet Bieflukt sett saman av Julie Vågen Nilsen (vokal og klarinett), Magnus Berge Stenbakk (piano), Erik Orrestad (gitar og bass) og Jakob Pontoppidan Kviberg (trommer) og er alle elevar ved Firda vgs på Sandane. Dette er ein fin tradisjon som festivalen har halde på i mange år, og kvart einaste år er det unge lovande musikarar som overraskar både teknisk og med musikkforståing. Bandet hadde øvd inn eit repertoar som hadde overvekt av jazzstandardar, men som også inkluderte m.a. «Manhã de Carnaval» av Luiz Bonfá (der Orrestad spelte akustisk gitar). Det blei hyggelege 40 minuttar, og det var tydeleg at Stenbakk og Kviberg hadde utvikla god kjemi, og sjølvsagt fekk bandet langvarig ståande applaus.
Grand Hotel Skei, kl. 19.30 «Det kjem til å bli høgt». Naboen min ved fremste bord midt framføre scena kasta eit blikk på den overfylte moderne skulpturparken av trommer, forsterkarar, mikrofon- og cymbalstativ der oppe og drog sine ottefulle konklusjonar. Så feil kan ein heldigvis ta. Konserten med Eivind Aarset 4tet (hovudbilete) med kapellmeisteren sjølv på gitar og elektronikk, Audun Erlien (bass og vokal), Erland Dahlen (trommer og perkusjon) og Wetle Holte (trommer, perkusjon og elektronikk) blei ei reise i vellyd. Visst var lydbiletet til tider overveldande og massivt som det skal vera på ein konsert med denne kvartetten, men det var også augneblinkar der Erlien aleine spelte på sitt varaste i det øvre registeret på bassen. Reisa blei overvaka og skrudd saman frå miksebordet av ingen ringare enn Sven Person. På denne dagen runda han 70 og fekk bursdagssong av bandet med Erlien på vokal (og dansesteg). Så stor og viktig var denne hendinga at Aarset fann det for godt å seia noko mellom låtane. Etter at jubilanten var gratulert på høveleg vis tona det heile ut i medium tempo med ein bass- og gitarsolo for godt mål.
Før bursdagsfeiringa hadde dei vore innom åtte (?) låtar henta frå Aarset-katalogen. Eg kjende med ein gong att nokre av desse, men titlane forblei i mørkeret. Ein konsert med denne kvartetten handlar likevel i mindre grad om oppleving knytt til den enkeltståande komposisjonen, men heller heilskapen, overgangane, introane, ja, ei mengd detaljar som summerer seg opp til ei reise i eit utruleg rikt og mangefasettert lydlandskap. Når ein i tillegg får inspirerte solistiske bidrag frå alle fire, enten i samtale eller lengre ytringar, så kan ein ikkje forlanga meir. Eivind Aarset 4tet var på sitt mest inspirerte på Skei i går, og publikum visste å setja pris på det med ståande ovasjonar.
Grand Hotel Skei, kl. 22.00 Det mykje omtala samarbeidet mellom The Red Barn med Aksel Røed (tenor- og barytonsaksofon), Mathias Marstrander (gitar og lap steel), Toivo Fjose (bass) og Kåre Opheim (trommer) og Bjørn Tomren (gitar og vokal) har resultert i plata Abduction som skal sleppast seinare denne månaden. Sleppedatoen er ikkje meir heilag enn at festivalpublikummet fekk tilbod om å kjøpa vinylen, men først var det duka for konsert.
For denne meldaren som allereie har lytta til plata mange gonger (og skrive melding i Dag og tid), var det spanande å høyra korleis konsertversjonen stod til plata. For å unngå gjera dette til noko hovudpoeng, kan eg berre slå fast at konsertversjonen følgde plata spor for spor og hadde den same historieforteljar-himmelen over seg som plata. Konserten formidla på truverdig vis konseptet sjølv om det er vanskeleg å få med seg tekstane der og då.
Elles baud konserten på ei mengd fine stunder der ein kjenner at tida nærast står stille. Dialogen mellom Røed på saksofon og Tomren på ein miks av jodling og strupesong på den Ali Farka Touré-inspirerte låten «Y. Gagarin» var ei av desse. Ei anna var nemnde Røeds kor på «Mr. Goomba» (ein av to låtar som blei framført av The Red Barn aleine). Elles var konserten prega av eit tett og fint samspel med ein årvaken Marstrander til å nikka inn alle overgangar og med ein overmåte inspirert og allstadnærverande Opheim. Det siste skuldast truleg at Kulturdepartementet hadde ein utsending blant publikum.
Konserten blei eit staseleg punktum på ein festival heilt utan nedturar og kvileskjer.
Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Tore Sætre

Toget med Edvard Mjanger, Mats Mæland og Marius Klovning

Bieflukt med Julie Vågen Nilsen (vocal), Magnus Berge Stenbakk (piano), Erik Orrestad (bass) og Jakob Pontoppidan Kviberg (drums)

Eivind Aarset

Audun Erlien og Erland Dahlen i Eivind Aarset 4tet

Aksel Røed, Bjørn Tomren og Mathias Marstrander i The Red Barn med Bjørn Tomren

Kåre Opheim i The Red Barn
























