Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

David Helbock Trio er forklaringa på kvifor ein går på festival

NORTH SEA JAZZ FESTIVAL, ROTTERDAM, DAG 2, 8. JULI 2017 Ingenting er betre enn å benka seg til ein konsert der ein ikkje har forventningar, og så blir ein så til dei grader teken på senga. Det første kvarteret med David Helbock Trio gjekk eg glipp av, men den neste timen var eg heilt oppslukt i den musikalske verda til den austerrikske trioen.

Laurdagen byrja med eit møte med eit nytt stjerneskot på den britiske soulhimmelen, Jordan Rakei. Han kjem opphavleg frå New Zealand, men har etablert seg i London, og han vekte oppsikt med plata Cloak (2016). Rakei har ei eklektisk tilnærming til musikken og dreg vekslar på mange sjangrar. Sjølv trakterer han tangentinstrument i tillegg til å syngja. Vokalen er kjenneteikna ved den spesielle vibratoen som Antony Hegarty har dyrka til det ekstreme. Bandet Rakei hadde med seg, hadde ikkje så mykje å by på. Rakei måtte gjera jobben sjølv, men det verka som fansen fekk det dei var komne for.

David Helbock Trio er frå Austerrike sjølv om Helbock sjølv har budd mykje i New York dei seinare åra. Han har vore særs aktiv dei siste 12-15 åra, og katalogen omfattar allereie 16 utgjevingar i tillegg til komposisjonsprosjektet Personal Realbook. (Prosjektet var inspirert frå Hermeto Pascoal og inneheld over 600 sider med musikk der Helbock har skrive ein komposisjon kvar dag gjennom eit heilt år.) Bassist Raphael Preuschl spelar noko så sjeldan som bassukulele i denne trioen, og det let som ei kule. Basslyden kan til tider minna om Steve Swallows. Preuschl kjem frå Wien der han deltek i mange ulike prosjekt og konstellasjonar. Trommeslagar Reinhold Schmölzer kjem frå Radenthein like nord for Villach ved grensa til Italia. Også han har skapt seg ei karriere på eiga hand og er p.t. ein svært etterspurt trommeslagar og arrangør.

Konserten var eit fyrverkeri. Musikken var dels komponert av Holbock sjølv, men dei tok også utgangspunkt i ein del pianostykke av Arnold Schönberg. Trioen handsama ein del av denne musikken ganske fritt, og dei hamna til tider langt vekke frå utgangspunktet. Det heile var gjort med eit stort sprudlande overskot og formmessig stålkontroll.

Neste sekvens var ei hylling til Thelonius Monk. Allereie frå første anslag på pianoet var det meir enn tydeleg, men også her krydra trioen musikken med humor. Det blei litt som David Holbock hyllar Monk ala Mengelberg.

Dei avslutta med nokre låtar frå den siste plata deira Into The Mystic (ACT, 2016). Igjen viste dei samspel i meisterklassen, og trommeslagar Schmölzer hadde eit høgst originalt trommekor.

Christian McBride hadde fått den lite takksame oppgåva å hoppa etter Wirkola. Å nullstilla etter konserten med Holbock var krevande, men McBride kunne tilby eit heilt anna musikalsk univers. «Neobop på høgste nivå», kalla konfransieren musikken. Eg er ikkje sikker på om McBride hadde autorisert den karakteristikken, men det blei ei reise attende i det klassiske amerikanske jazzuttrykket. McBride hadde fått med seg veteranen Marcus Strickland på tenorsaksofon og bassklarinett, unge og ukjent Josh Evans på trompet og ringreven Nasheet Waits på trommer. Det blei ei hyggeleg vandring i ulike deler av tradisjonen, og låtmaterialet hadde McBride dels komponert sjølv (m.a. musikalske hyllingar både til Herbie Hancock og Malcom X), «Cush» var signert Waits og Wayne Shorter var representert med to låtar, «Seightseeing» frå Weather Reports «8:30» og «United» frå Messenger-tida. Dei avslutta med bandets signaturlåt skriven av Coleman Hawkins.

McBride gav rikeleg solistisk rom til alle, og spesielt unge Evans kjende si vitjingstid. Meir enn godkjent.

Etter ein lynvisit hjå Gladys Knight var det klart for turbojazz med Chick Corea og Bela Fleck. Corea er residerande artist, og dette var andre konserten i ei rekkje på tre. Sjølv om det musikalske utgangspunktet for dei to er så forskjellig som tenkjast kan, er dei på mange vis musikalske tvillingsjeler. Bela Fleck er då heller ikkje ein banjonist av det tradisjonelle slaget. Det er heller ikkje ofte at jazzkonsertar spenner frå barokkmusikk (to allegroar av Scarlatti) via Blue Grass («Mountain» av Fleck) til «Armado’s Rhumba».

Det heile er så upretensiøst og avslappa, men det er avslappa og tilbakelent utan å vera ukonsentrert eller uengasjert. Tvert om her er dei musikalske følehorna i full funksjon. Dei kan ta ting litt på hælen, og om sjølvironien er ikkje langt vekke. I introduksjonen til Scarlatti-sekvensen sa Corea: «We are going to rehearse these allegros for you». Stor musikk blei det i alle fall.

Pianisten Renée Rosnes har eg diverre ikkje fått høyrt ofte nok dei seinare åra. Med prosjektet «Woman to Woman» (bilete) baud det seg eit høve. Rosnes hadde samla seks andre kvinnelege intrumentalistar samt vokalisten Cécil McLorin Salvant. Konseptet og musikken var ikkje gjennomarbeidd nok til at det fungerte som oktett, men Rosnes fekk vist fram eit knippe kvinnelege jazzmusikarar som absolutt fortener ein meir framskoten plass i rampeljoset enn dei har i dag.

Det er ikkje slik at alle desse musikarane er ukjente. Nemnde Salvant er i ferd med å oppnå divastatus, og både trompetar Ingrid Jensen, saksofonist Tineke Postma og klarinettist Anat Cohen er etablerte namn. Bassisten Noriko Ueda har eg høyrt før, men det var eit fantastisk gjenhøyr. Trommeslagar Allison Miller er også eit etablert namn, men det var første gong eg høyrde henne. Ho fungerte strålande i tospann med Ueda. Den chilenske tenoristen Melissa Aldana er for tida etablert i New York og har to plater på Concord på samvitet. Også Aldana høyrde eg for første gong. Ho og Salvant stod for eitt av høgdepunkta i konserten. Det absolutte høgdepunktet var likevel Anat Cohens bluesinfiserte tolking av «Jitterbug Waltz». «Woman to Woman» kan heilt sikkert utviklast som konsept, men mykje flott musisering var det allereie no. Stor takk til Renée Rosnes. Og dei spelar på Moldejazz neste veke!

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Oliver Belopeta

Skriv et svar