Konserter

Ein maraton av ein konsert

HEINEKEN JAZZALDIA, SAN SEBASTIAN, DAG 1: Det var ein ganske eksklusiv opning på konsertserien i det vakre teateret Victoria Eugenia torsdag kl. 18.30. Den 83 år gamle og etterkvart svært så distingverte avant garde-pioneren Muhal Richard Abrams frå Chicago kom på scenen som avtalt, og leverte ein maraton av ein konsert.

Det heile byrja i flygelets lågare register, og der og då opplevde ein eit improvisert verk på fire minuttar for flygel og 24 speilreflekskamera. At fotografiapparat kan laga eit slikt inferno av lyd, var eg faktisk ikkje klar over. Heldigvis gav fotografane seg tilnærma unisont, og Abrams kunne halda fram aleine. Konserten blei bygd opp rundt flygelets ulike register. I ti minuttar gjekk det føre seg i det låge registeret, så flytta han seg opp i mellomregisteret for så å leika seg i det øvre registeret. Så kom nokre komposisjonar som brukte heile klaviaturet. Etter ca. ein time hadde Abrams helde på mi interesse. Det orkestrale pianospelet byr på enormt mange spanande kontrastar. Den siste halve timen blei prega av at ein del idear blei resirkulerte. Visst inneheldt også denne delen av konserten sine godbitar, men nokre av standardfrasene dukka opp som kvileskjer. Det var tydeleg at store deler av publikum hadde same oppleving, og mot slutten gjekk ganske mange. Det hindra ikkje Muhal Richard Abrams i å varta opp med eit 10 min. langt ekstranummer!

Den lange konserten med Abrams gjorde at eg berre fekk med meg dei siste tonane til Ibrahim Electric og Columbia Jazz Band, eit amatørstorband frå Howard County og Maryland. Eit særs bra band til å ha amatørstatus.

Det skjer ikkje ofte, men denne kvelden auste regnet ned over Donostia, men heldigvis ikkje verre enn at Bobby McFerrin kunne framføra sine spirituals og Liverpool-bandet Echo & The Bunnymen kunne servera hits frå 80-talet. Det let faktisk ikkje ille. I morgon opnar dagen med pressekonferanse med Toshiko Akiyoshi.

 

Ein kort prat med Muhal Richard Abrams

– I just try to keep thinks musically.

Muhal Richard Abrams har ei forklaring på kvifor han i ein alder av 83 har energi til å spela solopiano i over 90 minuttar.

– Og etter denne kraftprøven går du på scenen og spelar eit langt ekstranummer.
– Ja, eg følte at folk koste seg og då ville eg gje dei noko meir.

– Eg likte måten du brukte pianoregisteret som ein måte å byggja opp konserten.
– You really liked that? Kjekt at du seier det. Eg tenkte at det kunne vera ein spesiell måte å byggja musikken opp på.

– Du har ikkje noko i mot all reisinga?
– Nei, som eg sa, eg prøver å ha ei musikalsk tilnærming. Så lenge det er fokuset, så går det grei. No skal eg attende til New York. Om to dagar dreg eg til Chicago. Der skal eg spela duokonsert med Roscoe Mitchell.

– Gamal ven og samarbeidspartnar?
– Oh yes, it goes way back.

Abrams er noko drøymande i blikket når han seier det siste. Eg takkar for konserten og praten og ynskjer god tur heim.

– Thank you for listnening, seier ein audmjuk og morgonfrisk Muhal Richard Abrams.

Tekst og foto: Lars Mossefinn