Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Fantastiske trioar

LJUBLJANA JAZZ, FREDAG 1. JULI 2016: Fredagsprogrammet på Ljubljana Jazz Festival blei innleidd med eit føredrag om jazzutdanning av Erling Aksdal. På sedvanleg filosofiske og problematiserande vis peikte Aksdal m.a. på kor lite fruktbart sjangeromgrepet er for jazzutdanning. Journalistar elskar slik kategorisering medan musikarar, spesielt i vår tid, skyr det som pesten. Det innarste ynskje hjå ein musikar er at journalisten seier at vedkomande representerer sin eigen sjanger eller, subsidiært, ikkje let seg setja i ein sjangerbås.

Dette blei svært så aktualisert gjennom dei to høgdepunkta denne kvelden. Både trioen med Eve Risser, piano, Benjamin Duboc, bass og Edward Perraud, trommer og trioen med Ned Rothenberg, altsaksofon, klarinettar og fløyte, Kaja Draksler, piano og Hamid Drake, trommer og perkusjon kan karakteriserast som frijazz eller avant garde, men ei slik kategorisering ville tilsløra meir enn det ville opplysa. Desse to trioane dyrkar svært ulike sett av estetiske preferansar.

Risser, Duboc og Perraud, som gav ut «En Corps» i 2012, har ei fri tilnærming til musikken med omsyn til rytmikk og harmonikk, men med omsyn til andre parameter herskar det ei strengt regime. Kva ein melder er einstydande med korleis ein seier det og når. Formulering og timing er alt, og her snakkar ein om finkalibrerte parameter. Trioen held oss i andelaus age konserten gjennom. Konserten skapar ein illusjon om å vera ei vandring gjennom eit minefelt. Det verste som kan skje er at nokon trør feil. Det skjer sjølvsagt ikkje. Den intense lyttinga og dei presise meldingane skjerpar lydarens konsentrasjon maks. Her kunne ein høyrt den vidgjetne knappenåla falla mot filtteppet.

Med Rothenberg, Draksler og Drake gjeld andre reglar. Også her forheld ein seg til tider fritt i høve til rytme og harmoni, men her er ikkje den musikalske kleskoden så strikt. Til liks med den andre trioen har dei ein enorm kontroll på sine respektive instrument, og evna til å lytta er like imponerande, men her er det ikkje så nøye med kva ein bringar til torgs.

Båe trioane var fantastiske opplevingar, men på svært ulikt vis. Rotheberg & co samarbeidd for første gong. Det bør ikkje bli siste. Vonleg blei det gjort opptak av konserten, og då går det ikkje lang tid før samarbeidet kan høyrast på plate.

I mellom desse triokonsertane spelte Igor Matkovic Quintet. Trompetaren Matkovic hadde med seg slovenske musikarar og stod for alle komposisjonane. Musikken gav sterke assosiasjonar til 1970-åra der pianist Milko Lazars Zawinul-inspirerte Fender Rhodes-spel sette sitt klare preg på musikken.

På utescena framførte Ziga Murko ny musikk for elektronikk og trombone, alt framført av Murko sjølv.

Etter Rothenberg & co og etter at Wales hadde slått Belgia fekk ein møta Anna Högbergs Attack. Det blei eit forførande møte med ei sekstett som framstår som meir og meir samspelte for kvar gong eg høyrer dei. Ein del fine solistiske meldingar merka ein seg også, m.a. kveldens siste tenor-blow-out frå Elin Larsson og ein del kontante beskjedar frå pianist Lisa Ullén.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar