Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Gneistrande Gjermund Larsen

Osafestivalen på Voss opna i går med solokonsert med Gjermund Larsen. Ei oppvising i virtuos, lågmælt musikalitet, lun humor og eit scenenærvær heilt utan fakter. Før det hadde Olav Almås på sitt velformulerte vis sett skapet på plass, folkemusikkskapet.

Osafestivalen har sitt opphav i Strykarfestivalen som Ole Bull akademiet skipa til på byrjinga av 1990-åra. Festivalen presenterer ein miks av folkemusikk, tidlegmusikk og samtidsmusikk – ofte som tverrsjangerlege møte.

Før Gjermund Larsen gjorde sin entré hadde Almås understreka betydinga dei mange kvardagskonsertane og dei mange amatørmiljøa rundt om i heile landet som lim og motor i denne delen av kunst-og kulturlivet. Folkemusikken hadde prestisje, meinte Almås, og viste til at nemninga folkemusikk dukkar opp i stadig fleire samanhengar. Gjermund Larsen opna konserten sin med ein Sodd-marsj etter Hilmar Alexandersen som til ære for Osafestivalen hadde feite barokk’ske ornamenteringar. Etter å ha vore innom heimbygda Verdal med slåtten «Kremtaren» var det attende til Alexandersen. I tillegg framførte Larsen komposisjonar etter Heinrich Ignaz Franz Biber (ein konsert tileigna dei 15 Rosenkrantz-sonatane av Biber står på festivalprogrammet sundag) og Johann Sebastian Bach i tillegg eigne komposisjonar, m.a. den enkle, vakre «Midnattsdrøm», som ein finn på trioplata «Ankomst». I soloversjon var den endå sartare og dynamisk, og på fabelaktig vis greidde Larsen å halda på den rytmiske spenninga. Han avslutta med «…min eigen Bach-slått», ei oppvising i stødig og virtuos bogeteknikk som ikkje altfor mange gjer han etter. Trampeklapp og ekstranummer blei det. Til ære for oss som meiner dans berre er for dei som absolutt ikkje kan sitja i ro å høyra musikk, spelte han «Umuliusen» – full av humor, men ikkje dansberr.

Tekst: Lars Mossefinn

Skriv et svar