Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Heimesiger med Samo Salamon

LJUBLJANA JAZZ, 30. JUNI 2016: Den slovenske gitaristen Samo Salamon (bilete) er etterkvart eit etablert namn i internasjonal jazz med ein solid plate-portefølje. Ved dette høvet hadde Salamon sett saman ein sekstett for å framføra nyskriven musikk, suiten «Colours». Han hadde med seg den italienske saksofonisten Achille Succi som Salamon har samarbeidd med heilt frå platedebuten i 2003. I denne samanhengen spelte Succi bassklarinett. Også den engelske saksofonisten Julian Arguelles og den italienske trommeslagaren Roberto Dani er samarbeidspartnarar til Salamon frå mange år attende. Nye bandmedlemmer ved dette høvet var den tysk/franske bassisten Pascal Niggenkemper og den tyske trommeslagaren Christian Lillinger.

Musikken til Salamon baud på sterke kontrastar frå kollektiv utblåsing til sarte parti i balladetempo. Han gav solistisk rom til medmusikantane, og sjølv varta han opp med utsøkte kor. Likevel var det det kompositoriske og ensemblespelet som festa seg som det mest minnerike.

Nasheet Waits «Equality» er eit band som har eksistert i mange år med skiftande besetningar. Sist eg høyrde bandet var for gode tre år sidan på Vossa Jazz. Denne utgåva med Darius Jones på altsaks, Abel Marcel Calderon på piano og Mark Helias på bass i tillegg til leiaren sjølv på trommer var eit langt meir forfriskande møte. Mykje av æra skal den nye og pur unge pianisten ha. Han spelte både lyrisk og kjenslevart i ballandane og både fikst og funky i ein del up tempo-låtar. Konserten byrja noko famlande, men med Mark Helias sin «Storylines» tok det skikkeleg av. Frå då av sat samspelet skikkeleg. Kvartetten blei sjølvsagt kalla inn att til ekstranummer og gjorde ein kort versjon av den vakre Waits-balladen «Hesitation».

Den polske pianisten Marcin Masecki har ein mangslungen karriere bak seg, og ei av fanesakene hans er å få pianisten og komponisten James P. Johnson fram i ljoset. Som Masecki sa undervegs i konserten: «Hadde Johnson vore kvit, ville han vore like stor som Gershwin»». Den diskusjonen skal eg la liggja, men Masecki er ein fenomenal ‘stride-pianist’ som ikkje gjekk a vegen for å gjera ein liten humoristisk vri på klassikarane.

Humor var det nøgda av då den franske saksofonisten og vokalisten Thomas De Pourquery entra scenen med sitt «Supersonic». Her gjekk hyllinga til legenda Sun Ra hand i hand med musikalsk ironi på høgt plan. Best var bandet som kollektiv. Ein klar lagsiger m.a.o.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar