Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Historisk!

VOSSA JAZZ, DAG 2, LØRDAG 8. APRIL 2017: Ho har gjort det før. Mange gonger. Teke publikum med storm, fått dei til å eta av handa hennar. Eg snakkar om den vitale 88-åringen Sheila Jordan. 34 år etter at ho stod på same scene (Gamlekinoen) som del av Egil Kapstad ensemble og framførte det første tiningsverket på Vossa Jazz i ei 35 verks ubrote rekkje, Elegy – Bill Evans in Memoriam, delte ho scenen med bassisten Cameron Brown, og publikum kunne ikkje få nok.

Laurdagen på Vossa Jazz blei ein kveld som vil skriva seg inn i festivalsoga. Ikkje berre p.g.a. nemnde Jordan. Susanna Wallumrød hadde skrive tingingsverket Garden of Earthly Delights, og verket blei framført i Vossasalen av Susanna & The Brotherhood of Our Lady. Wallumrød hadde fått med seg Ida Løvli Hidle på akkordeon, Natali A. Garner, vokal og elektronikk, Stina Moltu Marklund, vokal, elektronikk og gitar, Ina Sagstuen, vokal, elektronikk og tangentar, Kristina Ringvold, lyddesign og Silje Grimstad, lysdesign. Sjølv trakterte Wallumrød flygelet og andre tangentar samt elektronikk i tillegg til å vera frontvokalist, sjølvsagt.

På mange måtar er også dette verket historisk. Aldri tidlegare har kjønnskvoteringa vore meir gjennomført, og ein må attende til 1998 og verket Night Moods med Misha Alperin for å finna ein komponist som har hatt ei i så markert styrande hand med det kunstnarlege sluttproduktet.

Truleg vil også Wallumrød med dette verket ha skapt grunnlag for ein heftig debatt i kritikarkrinsar om tematikken i verket. Trass i freistnaden på å kommunisera det motsette, er ironien i verket så sterkt til stade at systemkritikken råkar med full kraft, eller er dette eit gamaltestamentleg/ Hallesbysk oppgjer med dilettanteri og ulivnad?

Allereie i entreen markerer «The Brotherhood» seg. Som ein gjeng svartebrør entrar bandet scenen. (Frå første benk nådde ikkje ljosdesigngrepet som gjorde bandet til halvt svartebrør/ halvt Spiderwomen fram …)

Etter nokre herlege Zawinulske klangar introduserer Wallumrød det første tekstlege leiemotivet, Wayfarer. Her er det ikkje snakk om den fyllesjukes beste ven, Ray Bans «Wayfarer», heller ikkje seglbåten eller Garbarekplata, men heller Hieronymus Bosch kjente maleri frå 1510 som er referansen.

Det handlar einstøingen, eremitten, munken/nonna, den einsame vandraren i eit samfunn omgjeve av apologetar, rævsleikjarar, kapitalismens nyttige idiotar og anna rask, «Ship of Fools», som ho seier i ei verselinje med referanse til Platons Republikken. Allusjonane kjem tett som hagl. Dette er Lady of The Rings meets jazz, pop and electronica. Fantasy på sitt beste. Kronologien som tvangstrøye har Wallumrød kasta av seg, og soga er der som eit diffust bakteppe for bodskapen «There’s a Flood Coming. Beware!» Ho kunne ikkje ha funne ei meir lydhøyr forsamling. Vossingar flest har flaumen i 2014 friskt i minnet!

Musikken er typisk Susanna slik me har lært henne å kjenna gjennom mange plater, særleg Hofmo-plata. Arrangementa er minimalisme på sitt mest effektive. Lytt på radio og legg merke til gitarstemma, bruken av golvtam for å nemna noko. Wallumrød står fram som kresen komponist i det vesle formatet i eit verk som er så bearbeidd at det er millimeter frå teaterscenen, der det etterkvart må hamna! Glitrande!

Attende til Jordan/Brown-duoen (bilete). I over ti år har denne duoen gledd publikum verda over med denne kombinasjonen av uhemma publikumsfrieri og kammermusikalsk kleinkunst utan sidestykke. Eg har høyrt duoen 3-4 gonger før i løpet av desse åra, men aldri betre enn i går. Jordan har gjort det til eit varemerke å laga tekstar til kjende låtar der ho hyller mennene og kvinnene bak eller dei som har gjort låten kjent. Hyllingane kom som perler på ei snor, til Charlie Parker, Billie Holiday, Lester Young, Fats Waller og fleire med.

Samspelet dei to i mellom er berre eineståande. Cameron Brown spelar ‘andrefiolin’ og spelar rollen perfekt. Jordan vekslar mellom intrikat vokalkunst og småpludring med publikum, men ein må ikkje lata seg lura. Det er eit alvor i det Jordan både seier og syng. Ho koketterer med alderen sin, men er samstundes hemningslaust ærleg om seg sjølv. Ståande applaus er etterkvart vanleg her på berget også, men sjeldan har eg opplevd det meir spontant og hjartevarmt som etter at duoen hadde levert siste tone.

Livet er sett saman av kontrastar. Med Kjetil Møster var det full gass frå første takt. Grunnbesetninga, Hans Magnus Ryan, gitar, Ståle Storløkken, tangentinstrument, Nikolai Hængsle Eilertsen og Kenneth Kapstad, trommer, frå plata Reflections in Cosmo var på plass. I tillegg hadde Møster teke med seg Helge Andreas Norbakken, perkusjon og Jørgen Træen, modulærsynth.

I eit festivalprogram der konsertane på same scene kjem tett på ein annan, er det ikkje meir tid på lydprøve enn å sjekka linjene. Balanse og justering av instrumentkarakteristikk må ein gjerne finjustera gjennom først låt. Lydfolka skal ha honnør for å fiksa alt dette slik at bandet let strålande frå låt to – også ut til publikum. Har ein lytta på ovannemnde plate, visste ein kva som var i vente, berre med trøkk i ente potens. Dei to tandema Storløkken/Ryan og Eilertsen/Kapstad i kombinasjon med ein uvanleg melodiøs Møster på toppen er p.t. det ypparste i sin sjanger no for tida. Ein tek seg i å tenkja at dette ikkje må ta slutt.

… men det gjer det. Framhaldet var likevel til å leva med og vel så det. Med Labyrinter/Khmer fann Nils Petter Molvær sitt kunstnarlege mantra. Tingingsverket blei framført i 1996, og plata kom året etter. Det er m.a.o. tale om eit 20-årsjubileum. Enkelte har sagt om Miles Davis at han spelte det same gjennom heile karrieren, berre i nye omgjevnader. Det er litt rett og heilt feil. På same vis kan ein seia om Molvær at det er ikkje vanskeleg å få auga på den raude tråden, den estetiske grunntanken, men Molvær har vore flink, spesielt det siste tiåret, å fornya det totale uttrykket. Med Geir Sundstøl i bandet har Molvær teke eit nytt steg. Musikken får ein heilt annan karakter med Sundstøl på pedal steelgitar enn på gitar. I den første samanhengen blir musikken meir definert, klarare i forma, meir skulpturell – om ein kan seia det slik. Med Sundstøl på gitar og sitt karakteristiske country-Hendrix-vis kunne musikken i korte augneblink få tankane attende til Labyrinter og salige Morten Mølster.

Anno 2017 spelar Nils Petter Molvær vakrare enn nokon gong, og bandet han har med seg er heilt konge med Erland Dahlen som vegvisar og seremonimeister. På tampen, då Dahlen tok ei økt på dei mange klokkene han hadde til rådvelde, såg eg føre meg ein slutt i Hemingways ånd – Klokkene ringjer for deg. Diverre heldt konserten fram i ti minutt til. Trass i denne vesle regiglippen var det ein perfekt konsert. David Solheim, lyd og Tord Knudsen skal ha sin del av æra.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie

Skriv et svar