Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Høgdepunkt i kø under den femte Jazz på Jølst-festivalen

Jølster Jazzklubb presenterte eit imponerande program under årets Jazz på Jølst som blei arrangert for femte gong helga 10.–12. oktober, og klubbens leiar Marit Hartvedt la heller ikkje skjul på at ho var kry over programmet under opninga av festivalen. Nina Torske frå Vestnorsk Jazzforum stod for den offisielle opninga av festivalen og sa m.a. at Jazz på Jølst framleis er veslebror i festivalfloraen på Vestlandet – men entusiasme og pågangsmot gjer at festivalen lever i høgste grad. Marit viste til at vi i løpet av fem år har arrangert 55 konsertar. Det er ikkje lite imponerande når vi veit at Jølster ikkje akkurat er eller var eit utprega jazzlandskap då vi starta opp.

Come Shine opna festivalen med ein strålande flott konsert fredag kveld for eit svært forventningsfult publikum, og forventningane blei innfridde. Come Shine leverte varene, og måten dei tilnærmar seg standardlåtane på er uføreseieleg og alltid like spennande. Litt seinare på kvelden tok Majken Christiansen Kvintett publikum med storm. Ho sjarmerte alle med sitt vinnande vesen og gode historier. Få artistar lever ut musikken og tekstane i så høg grad som Majken, og publikum humra og lo og sette tydeleg stor pris på konserten.

Laurdag føremiddag var det klart for barnejazz med Good Time Charlie, som på ein herleg måte oppnådde kontakt med omlag 150 barn og vaksne i salen. Gode melodiar og artige tekstar som t.d. «Opptatt på do» gjorde susen. Barnejazzkonseptet kler Good Time Charlie med Arle Hjelmeland i spissen svært bra.

Jølster Jazzklubb har lagt vekt på å skape ei scene for unge talent, og nok ein gong var det elevar frå musikklinja på Firda vidaregåande på Sandane som heldt gratiskonserten på Audhild Vikens Vevstove. Bremangerkvartetten, som gjengen kallar seg, spelte med groove og entusiasme som smitta over på publikum, som kosa seg mellom lokal brukskunst og vaflar.

Morten Gunnar Larsen og Karin Krog stod på plakaten under hovudkonserten laurdag kveld. Om forventningane var høge til Come Shine – så låg dei bokstaveleg talt i lufta før denne konserten. Tidlegare same dag kom den svært triste og for mange uventa meldinga om at Olav Dale gjekk bort fredag 10. oktober. Før konserten heldt Nina Torske eit gripande minneord om Olav Dale. Karin Krog, som har samarbeidd tett med Olav i fleire samanhengar, dedikerte eitt av nummera til hans minne. Jazzdronninga innfridde saman med Morten Gunnar Larsen med ein humørfylt og fin miks av jazzhistorie og evigvarande låtar, og publikum svarte med ståande ovasjonar!

Kvelden blei avslutta med gloheite rytmar og bergensk/cubansk jazz av bandet Sexteto Cubatropical. Bandet hadde tidlegare på dagen ansvaret for musikkverkstaden for unge talent, og ei handfull ungdomar deltok. Under konserten fekk dei vere med på scena under tre nummer og imponerte stort. Eggande rytmar og strålande samspel gjorde at det rykte frenetisk i danseforten hos dei fleste. I pausen blei det lagt inn kurs i salsa, som blei prøvd levd ut med vekslande hell etter pausen.

Avslutningskonserten søndag var det Mathias Eick Quintet som stod for i Audun Hugleiksons rike på Ålhus. Det blei eit mektig og imponerande punktum for ein flott festival som kunne notere publikumsrekord og strålande tilbakemeldingar. «For ein konsert, for ein festival og for eit program!» var omkvedet etter konserten søndag.

Vel blåst, Jølster Jazzklubb!

Tekst: Halvar Helgheim
Foto: Marit Hartvedt

Skriv et svar