Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Hugnadsstund med Kvernbergane!

OSAFESTIVALEN – DAG 1, FREDAG 28. OKTOBER 2016: Etter at fylkespolitikar og kulturutvalsleiar Beate Husa hadde delt ut stipend og erklært Osafestivalen for offisielt opna, var det tid for syskenparet Jorunn Marie og Ola Kvernberg. Den timelange konserten var heilt i ånda til Osafestivalen. Her møtte folkemusikken den klassiske musikken på sitt særmerkte vis. Dei opna med bruremarsjen «Eit sommarbryllaup» etter morfar deira Peter Larson Rypdal. Den same Rypdal hadde også komponert den klassiskinspirerte «Klarinettpolka» som til fulle fekk fram kor teknisk briljante musikarar syskenparet Kvernberg er.

Konserten blei ein hyggeleg rundtur i deira musikalske fellesunivers. Folkemusikken kom såleis til å stå i fokus. I samband med at Ola var residerande artist i Molde dette året, gjorde dei to ein morgonkonsert. Frå denne konserten henta dei låten «Liten rundball» som blei framført som ein munter og virtuos dialog. Så følgde ein Shetlandsreel som dei ikkje kjente til på Shetland, i følge Jorunn Marie.

Dei fekk og vist fram andre sider enn feleferdigheitene. Jorunn Marie trakterte trøorgelet og song medan Ola kompa på gitar. Særleg i komposisjonen som var skriven til ein konfirmant i slekta, fekk Jorunn Marie vist at ho også er ein eminent vokalist.  I den avsluttande låten med tekst av Kjartan Fløgstad viste Ola fram litt av improvisasjonskunstane sine. Ein verdig slutt på ein strålande konsert.

Etterpå var det duka for konsertmaraton i Gamlekinoen. Sjølv om både Hekla stålstrenga og Gjertruds sigøynerorkester innfridde til fulle, og den britiske trioen Oakes / Bews / Thorpe var eit sær hyggeleg møte, var det den amerikanske felevirtuosen Casey Drissen som tok kaka. Meir elegent versjon av John Hartford-klassikaren «Gentle on My Mind» har eg ikkje høyrt.

Tekst: Lars Mossefinn

Foto: Knut Utler

Skriv et svar