Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

ICP – forever!

NORTH SEA JAZZ FESTIVAL, 12. JULI: Kva det er med denne til årskomne gjengen frå Nederland, veit eg ikkje, men laga magiske konsertar på bestilling kan dei. Som ein lekk i residerande Han Bennink sitt program, blei konsertserien avslutta med ICP, sjølvsagt.

Sundagen på North Sea blei til liks med dei to føregåande dagane fylt med sterke musikalske opplevingar. ICP (Instant Composers Pool) tok likevel kaka. Misha Mengelberg kan ikkje lenger vera med, men elles held dei koken, alle som ein, og som ei rosin i pølsa hadde dei fått med Marc Ribot. Klokt val! Han fekk sine stunder, men det blei naturlegvis ikkje gjeve ved dørene. Ribot var sentral i ein stryketrio pluss gitar, ein duo med Han Bennink og i ein avsluttande swingsession der bandet kombinerte ein låt av Sean Bergin med «Moten Swing» – med Tristan Honsinger på vokal.

ICP er føreseielege i all sin musikalske galskap, men det er likevel noko heilt basalt i uttrykket som ikkje stammar frå slap stick eller dadaistisk performance. Framføringa av Ellingtons «The Mooche» illustrerer til overmål poenget. Bennink fekk blomar og takk for residerande jobben og kvitterte med å syngja ein salmetone til Mengelbergs ære. Då pressa tårene seg på for denne meldaren, i alle fall.

Det nederlandske bandet Batik blei ein stad og ein konsert å ta han ned. Bandet er noko så unikt som eit fusionband med klare estetiske røter attende til 70 og 80-talet. Cutting Edge rann meg i hug, men Batik mangla CEs smarte melodiar.

Korleis forklarer ein fenomenet Avishai Cohen Trio?  Den nakne, ny-enkle stilen kan overflatisk sett minna om Rollins, men er ikkje på langt nær så sofistikert, men det er likevel eit vågestykke å vri og venda på temaet i eit så pass ope landskap som ein trompettrio. Hudson-salen var fylt til trengsel. Eg hadde ikkje kasta vekk ein halvgardering på at noko slik skulle skje. Yoni Zelnik minner på fleire måtar om Charlie Haden, og Nasheet Waits veit ein kva står for. Det er m.a.o. ingenting i vegen med støtteapparatet. Eg er likevel ikkje heilt overtydd.

Kaja Draksler kjenner eg frå tidlegare, men trompetar Susanna Santos Silva var eit nytt bekjentskap. Eg vonar det ikkje blir lenge til neste gong! Konserten hadde som raud tråd å forska ut anatomien til dei respektive instrumenta. Det veksla mellom komposisjonar av dei to og frie strekk, men heile vegen var variasjonen i tonen til horna i sentrum.

Tigran Hamasyan vann årets Paul Acket Award. Han kvitterte med triokonsert. Dette merkelege uttrykket sett saman av armensk folkemusikalsk påverknad og sein EST er blitt populært, og ungdommen i salen gav tydeleg uttrykk for åtgaum. Eg synest at rubato-partia med tradisjonell frasering i vokalen fungerer, men dei rocka partia berre blir kortpusta marsjmusikk.

40 gonger North Sea, der underteikna har vore tilstades på 30 av festivalane, har gjeve oss ein premissleverandør på godt og vondt. Kjøpesenterkonseptet er både godt og gale. Terskelen for å oppsøka det ukjende er låg, men grensa for å la seg distrahera er tilsvarande. North Sea Jazz Festival har vore tru mot konseptet sitt, og arrangørane har evna å raffinera konseptet på imponerande vis. Dei kan feira seg sjølve i visse om å ha blitt ein målestokk.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar