Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Impro, minimalisme, performance og party-party

MOERS FESTIVAL, TYSKLAND, 15. 05.2016: Stian Westerhus sin solokonsert i Slottskyrkja blei ei andaktsstund av dei sjeldne. Har ein vore på ein del solokonsertar med denne mannen, så overraskar dette ikkje.  Det overraskande for denne meldaren var likevel Westerhus vektlegging av det vokale i det samla uttrykket. Det var ikkje lett å få med seg anna enn brotstykke av teksten, men  det melodiske hadde salmeliknande kvalitetar ved seg, eigentleg greitt songbert.

Som alltid brukte Westerhus dynamikken for alt det den er verd, frå den varaste falsett og sartaste flageolett til kaskadar av gitartonar. Klangpaletten til Westerhus er rik, men det som gjer uttrykket så eineståande, er bruken og ikkje minst, kombinasjonen av dei ulike verkemidla. Innleiingsvis høyrdest gitaren ut som ein mutasjon mellom eit kyrkjeorgel og ei lirekasse. Avslutningsvis kunne ein ana eit Griegsitat (?) med ein klang som det skulle vore framført på ei barokkfele. Laudabelt og vel så det!

Det lokale musikklivet var sterkt representert ved opninga av kveldsprogrammet. Både orkesterleiar, bassist og komponist Tim Isfort og fleire andre i septetten «Zapptet» er frå eller bur i Moers eller i regionen. Besetninga var fire altsaksar (!), gitar, bass og trommer. Namnet på ensemblet var presist valt. Musikken pendla frå fri improvisasjon via engelsk 80-talsrock til hard bop. Alle fire altsaksofonistane fekk rom til å boltra seg, og Silke Eberhard, som opna ballet, gjorde eit spesielt inntrykk. Det må også nemnast at dei gjorde ein fin versjon av The Sounds «New Dark Age».

The Liz er ein improvisasjonstrio sett saman av Liz Kosack, tangentinstrument, Liz Allbee, trompet og Korhan «Liz» Erel, elektronikk. Dei har med framsyninga «Book of Birds» utvikla ein performance med utgangspunkt i gresk og egyptisk mytologi og romanen til Kathy Acker «Blood and Guts in High School». Trioen framstår på scenen som kong Ødipus, Anubis og Sfinksen. Tekstelementa kjem i brotstykke innimellom eit samansett musikalsk uttrykk. Verken forteljinga, musikken eller scenografi greier å fanga ein inn i deira univers, og det heile framstår som ein leik med mytologiske figurar utan ei djupare meining.

Eit fint kurator-trekk av festivalleiar Reiner Mischalke var å introdusera oss for ei rekkje ulike pianotrioar. Medusa Beats var kanskje den mest positive overraskinga av dei alle. Den franske pianisten Benoit Delbecq, den svenske bassisten Petter Eldh og den tyske trommeslagaren Jonas Burgwinkel gjorde felles sak og leverte ein konsert så konsentrert og likevel så abstrakt. Delbecq er ei Zareptas krukke av idear, og Eldh er eit fyrtårn av ein bassist. Burgwinkel er ein fantastisk trommeslagar, men det blei litt anmasande i lengda med eit trommespel så til dei grader frampå.

David Virelles er fødd på Cuba, men har i mange år hatt Toronto og New York som base. Me kjenner han frå samarbeid med m.a. Steve Coleman, Henry Threadgill og Chris Potter. Her var han med prosjektet «Mbókò». I dette bandet utforskar han afro-cubanske musikalske røter set sitt personlege og høgst kontemporære stempel på desse røtene. Han har med seg Thomas Morgan på bass, Eric McPherson på trommer og Román Díaz på perkusjon og vokal. I motsetnad til landsmannen Harold López-Nussa let Virelles kompet vera eit pulserande fundament for hans klanglege og harmoniske utforsking. Berre unntaksvis går han inn som ein del av rytmeseksjonen. Perkusjonsnestoren Díaz gjorde elles ein kjempejobb både vokalt og instrumentalt. Han gav prosjektet karakter i minst like stor grad som Virelles.

Teun Verbruggen, belgisk trommeslagar, er initiativtakar til denne improviserande kvartetten som i tillegg til Verbruggen består av Arve Henriksen, Stian Westerhus og den belgiske pianisten Jozef Dumoulin. Dei har ikkje jobba mykje saman som kvartett, men er i desse dagar aktuelle med plata «Lomahongva».

Det var tydeleg at Henriksen og Westerhus hadde bestemt seg for å gå ut å ta kommandoen. Arve slo an tonen varsamt på trompeten, og Westerhus følgde opp. Dei to andre hengde seg med. Diverre hadde flyselskapet rota vekk Fender Rhodesen og effektane til Dumoulin, så han valde å spela piano og berre det konserten i gjennom. Dette gjorde hans rolle både vanskeleg og avgrensa. Han leia an i ein heftig crescendo eit stykke ut i konserten, og sat på sett og vis i førarsetet i ekstranummeret, men dette var i stor grad ein konsert der Henriksen og Westerhus hadde sett premissane. Konserten blei likevel svært bra nettopp fordi Henriksen og Westerhus spelte kvarandre gode, og dei to andre var med på desse premissane.

«…and now for something completely different», heiter det hjå Monty Python. Så også på Moers festival. Dawn Of Midi er ein pianotrio som har alle kjenneteikn på ein klassisk jazztrio – heilt til dei byrjar å spela. Den marokkanske pianisten Amino Belyamani, den indiske bassisten Aakaash Israni og den pakistanske trommeslagaren Qasim Naqvi møttest i Los Angeles i 2007, og har sidan 2011 halde til i Brooklyn. Dei har utvikla ein gjennomkomponert minimalistisk stil som trass i eit hovudsakleg akustisk instrumentarium, også har klare referansar til tekno.

Dei greidde aldri å ta tak i meg. Dei hypnotiserande små forandringane i det musikalske forløpet som kjenneteiknar fascinerande minimalisme, vart her overtydelege, og det heile blei etterkvart ganske keisamt.

Saksofonistane Mike Wilbur og Wenzl McGowen utgjer saman med trommeslagar James Muschler kraftverket og partybandet Moon Hooch (bilete). Det finst mang ein videosnutt på Youtube av bandet i full aksjon på ein eller annan undergrunnsstasjon i New York. Så ofte spelte dei der at NYPD gav dei speleforbod på Bedford Avenue Station. Ein kan gjerne seia at dei har fanga opp eit og anna frå band som Morphine, men her er konseptet forenkla: ein kort peptalk før dei går i strupen på tilhøyrarane og det er fullt øs i nokre minuttar. Så er det same ritualet på ny. Makan til partyband finn ein vel knapt.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar