JAZZ PÅ JØST, JØLSTER, DAG 1, 9. OKTOBER 2026: Inviterer ein til åtte konsertar på tre dagar så skal ein som festival ha noko meir å by på enn musikkopplevingane, t.d. verdas beste utsikt frå eit hotellrom, som Silje Nergaard sa det på opningskonserten, eller Jølstraauren og kunstnarane Astrup og Eikaas som statssekretær Trude Storheim nemnde i den spirituelle opningstalen sin. Å stiga inn i Jazz på Jølst er terapi.
Balsam eller terapi er noko av det sentrale vokalisten Silje Nergaard har å by på. I sitt 60. år byr ho tilhøyrarane sine på tilbakeblikk på ein mangslungen karriere der ho i byrjinga stod med ein fot i jazzen og den andre i popen. I 2026 er båe beina solid planta i jazzen. Nergaard er bokstavleg flaska opp med jazz gjennom to svært jazzinteresserte foreldre. Plata Tomorrow We’ll Figure Out The Rest (2025) er då også ei hylling til dei to, ikkje med å gå ljosløypa av klassikarar, men laga ei plate med eigne låtar sterkt inspirert av denne tradisjonen. Rett nok med unnataka «Lover Man» og Paul McCartneys «Here There And Everywhere». Eg har ikkje høyrt Nergaard på nokre år, verken på plate eller konsert, men røysta kjenner ein att frå første tone. Kanskje var nokre modulasjonar henta frå tidlegmusikken eit nytt innslag i verktøykassa?
Tilbakeblikket ville ikkje vore komplett utan at me fekk servert «Keep on Backing Loosers», «Be Still My Heart» og der det heile byrja, «Tell Me Where You’re Going». På konserten var Pat Metheny bytt ut med gitaristane Håvard Bendiksen og Halllgrim Bratberg … Dei spelar båe akustiske gitarar utan at dei på noko tidspunkt nærmar seg det klassiske visekompet (kanskje med unnatak av «Brevet»), men balsameffekten er det i stort mon. Dei to korar også når det trengs. I det heile er det mangfaldige gitarkompet med ei mengd kort soli eit utruleg aktivum for konserten. Det skjer noko heile tida. Nergaard snakka fleire gonger om den intime stemninga på den vesle røykfylte jazzklubben, og dei tre gjenskapte den kjensla. På ekstranummeret tok dei det eitt steg vidare, kopla frå gitarane frå PA-en, la vekk mikrofonane og framførte «Dream A Little Dream of Me» heilt akustisk. Då var me alle fluge på veggen i øvingsrommet og kunne ein høyra knappenåla falla.
17, juli 2024 spelte kvartetten Schemes (hovudbilete) finalen i tevlinga «Årets unge jazzmusikere» på Moldejazz. Underteikna konkluderte på denne nettstaden med følgjande: «Dette er ein kvartett som vil markera seg uansett korleis det går i tevlinga». Soga veit å fortelja at kvartetten ikkje vann, men her på Jazz på Jølst prova dei i alle fall denne meldaren rett. Markerte seg gjorde dei til gagns.
Brede Sørum (altsaksofon), Oliver Skou-Due (piano), Bendik Løland Lundsvoll (bass) og Veslemøy Narvesen (trommer) gav ut Embrace på Jazzland for to år sidan, men det dei spelte på konserten i går kveld vart alt saman henta frå ei plate som kjem til våren. Det byrja litt famlande med den kollektivt komponerte «Sunbeam» og Løland Lundsvolls «Capricorn». I løpet av den skiftande «Gayle» (hylling til Charles Gayle?) byrja ting å falla på plass. Lyden blei meir balansert, og kommunikasjonen i bandet blei meir på tå-hev.
Siste halvdel av konserten blei ein fest med låtane «Everlasting», «You Can’t Take This Away from Me» og «Neverlasting» der dei svann ut for så å koma att i ei nedstrippa Christian Wallumrød’sk form. Før det hadde kvartetten teke heile runden – frå det lyrisk vakre til det ville og virile. Samspelet mellom altsaksofon og piano baud på stadige overraskingar, og det stødige basspelet til Løland Lundsvoll kler det leikne og melodiske trommespelet til Narvesen.
Fjør i hatten til festivalen som sette saman to så ulike utrykk og fekk det til å verka som den mest naturlege ting i verda. Pangstart for Jazz på Jølst!
Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Tore Sætre

Silje Nergaard med Håvard Bendiksen og Halllgrim Bratberg

Brede Sørum (altsaksofon) og Veslemøy Narvesen (trommer) i Schemes

Oliver Skou-Due (piano), Bendik Løland Lundsvoll (bass) i Schemes
























