Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Jazz Fest Sarajevo godt i gang!

JAZZ FEST SARAJEVO – DAG 1, ONSDAG 2. NOVEMBER 2016: Jazz Fest Sarajevo feirar 20-årsjubileum og byrja jubileumsfesten i går med tre konsertar. Bugge Wesseltofts New Conception of Jazz hadde æra av å opna ballet.

Det blei ei noko blanda oppleving. Bandet er relativt ferskt, og dei har ikkje fått spelt seg saman skikkeleg. Fire unge kvinnelege musikarar, Marthe Lea, tenorsaksofon, Oddrun Lilja Jonsdottir, gitar, Sanskriti Shrestha, tabla og Siv Øyunn Kjenstad, trommer og vokal deler scenen med Bugge i 2016-utgåva av bandet. Det er fantastisk at Bugge gjev unge kvinnelege instrumentalistar ein slik profilert sjanse, og dei kjem garantert til å veksa mykje på det. I løpet av konserten fekk alle fire vist at det bur mykje musikk i dei. Sherestha og Jonsdottir hadde ein duosekvens der båe fekk vist seg fram, og der samspelt til tider slo gneistar.

Kjenstad er vel komen lengst av dei fire, og meistrar ankerrollen godt sjølv i samspel med Bugges trommemaskiner (som ofte stel for mykje plass). Lea er inne i ein frigjeringsprosess der spora etter førebileta gradvis blir mindre tydelege.

Konserten blei ein triveleg miks av nytt og gamalt Connception-stoff. Bugge var i storform og tok musikken i ulike retningar. Sjølv om ein har høyrt Bugge nokre hundre gonger, har han alltid ein ny vri å by på. Det blir aldri keisamt å høyra på Bugge. Sjølv om det var mangt å gle seg over, og ein truleg har det beste i vente, kan ein ikkje la vera å kjenna på trongen etter ei sterk stemme i bandet som kan matcha Bugge. Vidare bør dei tydleggjera komprollen til gitar og tangentinstrumenta, og trommemaskina bør omprogrammerast på menneskets premissar.

Rob Mazureks Sao Paulo Underground (bildet) avslutta sin konsert på svært inspirert vis. I tillegg til Mazurek (trompet, vokal og elektronikk) er bandet sett saman av Guilherme Granado, tangentar og vokal og Mauricio Takara på trommer, elektronikk og gitar. Sist eg høyrde bandet (i Bergen, trur eg) synstest ikkje eg bandet hang skikkeleg saman. Heilt noko anna no. Overgangene var organiske, og det skifta frå intens groove via støy til lyriske, folkemusikkinspirerte balladar, og slutten blei ei fortetting av alt dette!

Kvelden blei avslutta i selskap med den israelske pianisten Nitai Hershkovits i det imponerande konsertlokalet Gradska vijecnica. Soloimprovisasjonane hans var romantiske og impresjonistiske, men dei mangla originalitet og substans. Berre i hyllinga si til vibrafonisten Bobby Hutchinson fortalde han ei soge som var truverdig og rørande. Ein flott start på noko som etter alle solemerke kjem til å bli ein strålande festival.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar