Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Jolajazz på Voss

VOSS, 29. DESEMBER 2016: Julejazz eller julejam er et populært fenomen i norske byar og bygder. På Voss er dette ein samanhengande tradisjon som berre er eitt år yngre enn Vossa Jazz. Årets utgåve var som vanleg populær og samla eit stort publikum. I tillegg var den musikalske kvaliteten over snittet for dei seinaste Jolajazzane.

Ikkje minst trioen Hullyboo med Tore Brunborg sytte for at ein gjekk til årets Jolajazz med større forventning enn vanleg. Dei to barndomskameratane frå Voss Marius Klovning, gitar og Bjørnar Kaldefoss Tveite, bass møtte trommeslagaren Mats Mæland Jensen frå Mjøndalen på Sund folkehøgskule, og i 2010, som studentar ved Griegakademiet, vann dei Jazzen-i-sikte-prisen. To år seinare platedebuterte dei på NORCD med «Bønner og flesk», ein tittel som reflekterer den affiniteten trioen, og spesielt låtskrivaren Klovning, har til countrymusikken.

Denne affiniteten var framleis sterkt tilstades då trioen gjorde felles sak med saksofonveteranen Tore Brunborg i Pentagon på Park Hotel Vossevangen femte juledag. Det var i all hovudsak Klovning sine låtar som blei framført med to unnatak, Brunborgs «Rituals» (frå «Blissful Ignorance», 2009) og Lennon/McCartneys «Come Together», ein låt der trommeslagar Mæland Jensen fekk spela på heile registeret sitt. Både i den karakteristiske, tighte grooven og i opnare sekvensar sat Mæland Jensen i førarsetet.

Komposisjonane til Klovning er i mange tilfellet enkle både rytmisk og harmonisk med «Tigran Masala» som eklatant unnatak. Den korte innstuderingstida gjorde at kvartetten ikkje fekk mykje ut av nett denne låten, men dette var også unnataket i ein slik samanheng. Resten av repertoaret fungerte strålande. Temaet blei oftast presentert av saksofon og gitar unisont eller med ei andrestemme i gitaren som låg tett på temaet. Brunborg og Klovning glei fint inn og ut av dei improvisatoriske sekvensane. Brunborg brukte div. elektronikk til å leggja klangfargar bak Klovning sine kor, og Klovning kompa Brunborg med si karakteristiske, afroinspirerte plukking på gitaren. Mæland Jensen og Kaldefoss Tveite fylte i all hovudsak komprollen, men det gjorde dei til gjengjeld glimrande.

Det knytte seg spaning til debuten til Voss kraftlag. Gitaristen og arrangøren Bjørn Sandnes forma for meir enn ti år sidan Voss horn. Bandet spelte musikk i tradisjon frå Chicago og Blood, Sweat & Tears, rock jazz med blåsearr. Voss kraftlag hadde teke med seg deler av repertoaret til Voss horn, men Sandnes hadde også funne fram til ein del ‘nye’ godbitar.

Den største attraksjonen ved Voss kraftlag er nettopp ei rå blåserekkje. Are Ovesen og Trond Remme, trompet, Håvard Sannes og Viggo Vea, trombone og Elisabeth Lid Trøen og Thomas Nøkling, saksofonar utgjer den seks blad sterke blåseseksjonen. Trommeslagar Lage Thune Myrberget måtte melda forfall, og Kåre Opheim kom inn som vikar. Det var eigentleg heilt greitt. Han utgjorde saman med bassist Trond Matre eit fjellstøtt fundament.

Bandet opna (og avslutta) med Jaco Pastorius sin «Chicken» med Lid Trøen som inspirert solist på altsaksofon. Så følgde klassikarane slag i slag, m.a. Chicagos «Brand New Love Affair Part I & II», Yellowjackets «Monmouth College Fight Song» og dei to BS&T-travarane «Go Down Gamblin’» og «Hi-De-Ho». Sistenemnde var så avgjort kveldens høgdepunkt. Det kostar å halda eit slikt prosjekt i gang. Vonleg kan Bjørn Sandnes få fleire sjansar.

Hullyboo m/Tore Brunborg: Tore Brunborg (s), Marius Klovning (g), Bjørnar Tveite (b), Mats Mæland Jensen (dr)
Voss kraftlag: Are Ovesen (tp),  Trond Remme (tp), Elisabeth Lid Trøen (s), Thomas Nøkling (s), Håvard Sannes (tb), Viggo Vea (tb),, Jan Ove Mjånes (v, keys), Einar Hauge (keys), Bjørn Sandnes (leder, g), Trond Matre (b), og Kåre Opheim (dr)

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Lars Lid Trana

Skriv et svar