Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Joni Mitchell hylla på North Sea Jazz Festival

NORTH SEA JAZZ FESTIVAL, ROTTERDAM, 11. JULI: Det blei ei sterk opning på den 4o. North Sea Jazz Festival. Ein kunne gå frå høgdepunkt til høgdepunkt utan å oppsøkja dei djupe dalar – som ei jazzmusikalsk Besseggen-vandring.

Det byrja med Anouar Brahem Quartet. Plata «Souvenance» som kom tidlegare i år, er eit arbeid som Brahem har slite med i årevis. Den arabiske våren og den politiske utviklinga i heimlandet har sett Brahem kunstnarleg sett litt på vent, men endeleg kom plata, og i går kunne ein få høyra live-utgåva av dette prosjektet. Musikken har ein melankolsk grunntone som aldri er vekke. Sjølv i uptempo parti er denne tristessen alltid tilstades, då gjerne i lange melankolske melodilinjer frå bassklarinettist Klaus Gesing. I den svenske bassisten Björn Meyer har Brahem funne ein god match. Meyer trakterer bassen stundom tradisjonelt akkompagnerande og stundom i ein parallell rolle til ouden. Den franske pianisten Francois Courturier fyller det musikslake rommet med kontemplative impresjonistiske ostinatar og held til tider i gang ein samtale med Meyer som riv til seg det meste av merksemda. Konserten framstår som ein samanhengande elegi over den arabiske ‘våren’. Eit talrikt publikum responderte entusiastisk.

Hyllingskonsertar kan vera så ymse. «Joni’s Jazz» var av den vellukka sorten. Vokalistane Lizz Wright, Rebecca Stevens, Oleta Adams og Michael Kiwanuka tolka eit dusin låtar av Mitchell der dei fleste var henta frå 70-talsplatene til Mitchell. Musikalske leiarar var trommeslagar Brian Blade og pianist Jon Cowherd. Elles bestod bandet av ei blåserekkje, to gitarar og bass og perkusjon. Solist i særklasse var Terence Blanchard. Det blei ei perlerad av glimrande tolkingar og inspirert musisering, og når heile vokalkvartetten var på scenen samstundes i avslutningsnummeret «Woodstock» var det sterke kjensler i sving hjå publikum.

Inn i mellom hadde eg vore så heldig å få med meg Vijay Iver Trio og duoen Herbie Hancock og Chick Corea. Sistnemnde blei på sett å vis ei blanda oppleving. «We have played a lot of notes», sa Corea undervegs, og kanskje er det her noko av problemet ligg. Den blendande ekvibilirismen stengjer for den gode og reflekterte musikken. Dette er ei side av medaljen. Den andre sida var to glitrande versjonar av høvesvis «Cantaloupe Island» og «Spain».

Nemnast må også eit fyrverkeri av ein konsert med residerande Han Bennink, Peter Evans (trompet) og Oscar Jan Hoogland (piano). Ekstranummeret tok dei sitjande på golvet!

Eg avslutta kvelden i same sal som eg byrja, no saman med Bugge Wesseltoft, Henrik Schwarz og Dan Berglund. Dei serverte ein forrykande leksjon i melodiøs, dynamisk groove som tente eit ungt, danseglad publikum skikkeleg. Me kunne lukkeleg forlata Ahoy ein time etter midnatt.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar