Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Kurt Weill, spirituals og vokaljazz avslutta den 49. Jazzaldia

HEINEKEN JAZZALDIA, SAN SEBASTIAN, DAG 4: Det var vokalistane som dominerte på siste festivaldagen i San Sebastian eller Donostia som byen heiter på baskisk, men før ein kom så langt, blei turen lagt innom det baskiske kulinariske senter. I hagen spelte Eric Reed Trio låtar frå den store amerikanske songboka. Reed varta også opp med ein soloavdeling vigd tre Monk-låtar.

Den canadiske teatertruppen L’Orchestre d’Hommes-Orchestres har gjesta festivalen tidlegare med eit Tom Waits-program. I år tok dei for seg musikken til Kurt Weill. Ein fantastisk scenografi og eit oppkomme av stunts og tablå. Alt saman kasta på oss i eit rasande tempo. Det var vanskeleg å fordøya inntrykka. Musikken og vokalprestasjonane var ok, men kvaliteten i prosjektet ligg først og fremst i det sceniske, men ei slik framsyning passar fint inn i programmet for ein jazzfestival med så pass open programprofil som Jazzaldia.

Diverre gjekk denne framsyninga parallelt med konserten til Bugge Wesseltoft i kulturhuset. Sjansen til å høyra Bugge byr seg sikkert om ikkje så lenge.

På Trinitate Plaza hadde festivalen sett saman eit program med to profilerte kvinnelege vokalistar. Først ut var Kristin Asbjørnsen. Eg har høyrt eit par konsertar med dette repertoaret, men det blei glitrande framført av eit band som til dei grader har dette stoffet under huda. Asbjørnsen hadde den velkjende sterke sceneutstrålinga. Lyden på denne scenen kan variera noko, men her var lyden på sitt absolutt beste.

Sceneutstråling har også Dee Dee Bridgewater. Ho tvinnar publikum rundt veslefingeren. Kor mange gonger eg har vore på konsert med Bridgewater, har eg ikkje tal på, og det er ein del låtar som går att frå konsert til konsert. Slik sett var alt ved det gamle. Eg har nok opplevd Bridgewater akkompagnert av eit betre band.

Jazzaldia i San Sebastian er verd eit besøk. Programmet består av halvparten gratiskonsertar og den andre halvparten med billettprisar som varierer frå 10 til 35 €. Matkulturen i området er verdskjent, og byen har flest Michelin-stjerner i høve til folketalet. Pintxos-safari kan kombinerast med jazzfestival, men området er også eit eldorado for surfarar, og fjellturar i Pyreneane kan også kombinerast med jazz på kveldstid. Dessutan er San Sebastian er utruleg sjarmerande by.
Tekst: Lars Mossefinn

Skriv et svar