Konserter

Lang dags ferd mot natt

VOSSA JAZZ, LØRDAG 24. MARS 2018: Så er andre dag av årets Vossa Jazz historie. Og lørdagen på årets festival vil gå inn i historien som en av de beste i denne festivalens historie.

Men før vi endelig konkluderer, må vi starte med dagens begynnelse. Etter en gliterende åpningsfredag startet våre utsendte den nye dagen tidlig.

Å måtte være på plass i Osasalen allerede klokken 12:00, er et nesten skremmende tidlig tidspunkt når man er på jazzfestival. Men hva gjør man ikke for å oppleve den danske vokalisten Nana Rashid, i duo med den svenske pianisten Petter Rylén.

Forrige  gang salt-peanuts.eu hørte denne duoen, var nærmest ved en tilfeldighet. Undertegnede ramlet mer eller mindre tilfeldig inn på et vertshus under Århus Jazz Festival i 2016, hvor disse to var på plass og skapte himmelsk vakker musikk ( selvfølgelig rapportert på salt peanuts*)

Nana Rashid er en relativt ukjent vokalist i Danmark.  Men det bør ikke vare lenge.  Inntil nå har hun prioritert sin rolle som musikkpedagog, og dermed som lærer for framtidige vokalister, framfor sin egen rolle som utøvende musiker.

Men da hun ble tilbudt spillejobben på Vossa Jazz, organiserte de en liten turné i Sverige, Danmark og på Voss. Sannelig på tide,  vil mange av oss si.

Den fullsatte Osasalen ved Ole Bull-akademiet fikk en strålende musikalsk opplevelse denne lørdagen med disse to musikerne. Jeg har tidligere sammenlignet duoen med «Fairytales»-duoen, det legendariske samarbeidet mellom den norske vokalisten Radka Toneff og pianisten Steve Dobrogosz med plata med samme navn fra 1982.

For det er noe med den sterke stemmen til Nana Rashid og Ryléns fine pianospillet som minner om akkurat denne duoen. Rashid har i konserten plukket fram låter fra sterke kvinner i jazzhistorien, og lager sine helt egne, vare og sarte versjoner av disse låtene. Hennes versjoner er gjerne framført i et svært smakfullt og minimalistisk arrangement, der Ryléns pianospill, sørger for at musikken går rett inn i sjela hos tilhørerne. En flott åpning på en lang dags ferd mot en lørdagsnatt. (JG)

Eg vil ha meir enn ein blå ballong
Arne Bendiksen stod for monokulturen i ballongverda. Eirik Hegdal & Co baud på heile regnbogen. Tingingsverket 2018 hentar sine estetiske preferansar frå litt anna hald enn det som har prega tingingsverka på Vossa Jazz dei siste åra. Når det gjeld forholdet til sjølve verk-omgrepet, har Hegdal eit like romsleg forhold til det som mange av forgjengarane sine. Verket «Musical Balloons» har ein raud tråd i alle dei ulike musikalske sjangrane og uttrykka som Hegdal lar seg inspirera av og korleis denne inspirasjonen gjev seg kompositorisk og framføringsmessig uttrykk.

Her blir jazz i mange valørar, blues, country og calypso servert på løpande band. Ofte blir musikalske idear sette opp mot kvarandre. Andre gonger blir nye stemmer eller groovar introduserte og tek over den musikalske forteljinga for så å kverva og ein vender attende til utgangspunktet. Hegdal er ein krevjande komponist og kapellmeister.

Eg har ikkje konsultert statistikken, men dette tingingsverket må setja rekord i takt- og temposkifte. Hegdal ynskjer båe stram regi og laus jakke. Ein kan gjerne sjå på dette som litt Ole Brum’sk – ja takk, båe deler, men her er det faktisk det som skjer. Bandet leverer på båe tingingane. Det som kunne ha blitt anstrengt, er berre ein sann fryd.

Hegdal har sett saman eit ensemble som fiksar musikken og kan tilføra spanande improvisasjonskrydder. Nils Olav Johansen trakterer både gitar og banjo. I tillegg syng han ved nokre høve, m.a. på valsen som blir framført som ekstranummer. Eivind Lønning spelar både trompet og piccolotrompet, Mattias Ståhl spelar vibrafon, men sveipar innom sopransaksen på ein låt. Hegdal sjølv spelar både bass- og vanleg klarinett i tillegg til altsaks. Ole Morten Vågan, bass og Jon Fält, trommer kompletterer ensemblet.

I tillegg til å vera glimrande instrumentalistar har Hegdal med dette instrumentariet ein særs rik klangpalett. Han utnyttar det til fulle. Eg har saumfart notatane mine, og ingen av ballongane er valt ut som favorittballong. Eg tar ikkje ein Bendiksen. Eg går for heile knippet av «Musical Balloons». Det var først og fremst verket til Hegdal som var vellukka.

Det blir sagt at om ein skal lukkast i morgondagens arbeidsmarknad, så er evna til omstilling viktig. Vossa Jazz byr på god, men kanskje ikkje heilt tilsikta?, trening. På ein halvtime skal ein vera omstilt frå musikalske ballongar til Hildo (bilete)
Det gjekk greit. Berit Opheim fiksa den biffen. Frå fyrste tone så er du hekta. Prosjektet er bygd opp rundt myten om ei eldgamal kyrkjeklokke i Vangskyrkja som vossingane i naiv velvilje skulle låna til bergensarane. Klokka eller klokkene kom aldri lenger enn til Bolstadfjorden om ein skal tru segna eller Knut Bjørgås.

Med dette utgangspunktet hadde Berit valt ut ulike folkeviser frå Voss, Hardanger og Sogn. Bandet, Tore Brunborg, sopran- og tenorsaks, Stein Urheim, ymse strengeinstrument, Steinar Raknes, bass og Kåre Opheim, trommer, har arbeidd ut arrangementa. Nokre av desse arrangementa er små perler, m.a. «Finnesslottet» og «Eg vilde ikkje eg» (#metoo på 1700-talet). Særleg førstnemnde er eit skuleeksempel på korleis ein kan byggja opp intensitet utan å spela mange fleire tonar mykje sterkare.

Samspelet mellom dei fire er fabelaktig avstemt, og det er ein fryd å høyra alle fire i fri utfalding. Det blei likevel Berit Opheim som var den store opplevinga. Ho spelar på heile registeret. Sjølv når Brunborg spelar variasjonar av melodistemma ganske sterkt, står Berit sin vokal fram sterk og klar. Sjølv i dei svakaste partia er stemma til Berit glasklar, og ein høyrer kvar minste detalj. Berit Opheim formidlar gjennom songen sin ein personlegdom som fascinerer. Uansett kva Berit Opheim syng, så trur ein på henne. Ein trur på Berit Opheim på same måte som ein trur på Billie Holiday. (LM)

Middelalderballadar i moderne tonedrakt
var temaet for urframføringa til Friensembelet i Osasalen laurdag ettermiddag. Tekstane til desse mange hundre år gamle balladane er ikkje akkurat kosetekstar. Som til dømes «Horpa», som handlar om to søstre som var forelska i same mann. Den sjalu storesøstra hiver likegodt lillesøstra på elva så ho druknar. Men liket driv i land lengre nede i elva, der mannen som finn ho, lagar ei harpe av ho.

Brystkassa er klangbotn, håret vert tvinna til strengar. Denne harpa tar han med i brudlaupet til storesøster, der alle får høyre korleis dette hadde gått til. Eller songen om de tre fredlause mennene som rømmer i en båt vinterstid til Shetland. Før dei når fram, frys dei fast i isen på havet, og går tom for mat. Først et dei opp skoa sine, knivslirene og endatil seglet på båten. Til slutt trekk dei lodd om kven som skal slåast i hel slik at dei andre kan ete han.

Meldodiane til desse balladane er svært vakre og trolske. Songaren Unni Boksasp framfører desse i folkemusikktradisjon på ypparleg vis. Ein kunne tenkje seg at bandet kunne gå seg fast i alt desse vakre tonane.

Arrangør, orkesterleiar og treblåsar Matilde Grooss Viddal gjekk ikkje i den fella. Hun har skrive glitrande arrangementer som byggjer opp om desse dramatiske historiane. Av og til trekkjer ho musikken heilt ut i atonal frijazz, av og til legger ho klangveggar som fungerer som besk kontrast mot dei vakre songtonane. Bandet er eit skikkeleg samspelt A-lag, og vi fekk mange spanande soli. Særleg merka vi oss den fransk-syriske fløytisten Naïssam Jalal som leverte soli av høg klasse, der hennar syriske bakgrunn kunne høyrast. Også Kristoffer Alberts på altsaksofon spela så røyken dreiv og blodet skvatt.

Naïssam Jalal – fløyte, Unni Boksasp – vokal, Mathilde Grooss Viddal – bassklarinettar, saksofonar, Kristoffer Alberts – altsaksofon, Øyvind Brekke – trombone, Per Willy Aaserud – trompet, elektronikk, Britt Pernille Frøholm – hardingfele, Tellef Kvifte – laptop, tangentar, Knut Kvifte Nesheim – trommer, vibrafon, Ellen Brekken – bass
(BS)

På enkelte jazzkonsertar kan ein irritere seg over folk som står og pratar under konsertane og ikkje bryr seg det minste over artistane på scena. Slik var det ikkje då et av Noregs største stjerneskudd på jazzhimmelen, Natalie Sandtorv heldt konsert på Café Stationen laurdag kveld. Det gjekk ikkje mange sekunder inn den første låta før pratmakarane heldt kjeft og vende seg mot scena.

Etter debutalbumet «Freedom Nation», har det ikkje mangla på strålande omtaler både heime og ute. Musikken er ei salig blanding av rock, funk, indie, jazz og enno nokre fleire sjangrar. Sandtorv har eit nærvær og ein intensitet på scena som ikkje mange har. Røysta hennar er kraftfull, og ho har tekstar som ikkje innbyr mykje til kos og fjas. Nokre av låtane kunne passa like godt i stadionformat som i eit lite intimt kafelokale på Voss. Legg ein til flotte låtar og eit band med musikarar av første klasse, så har ein oppskrift på suksess. Sandtorv har full kontroll på bandet sitt på scena. Personleg kunne denne skrivaren tenkje seg at ho kunne sleppe til dei solistiske kvalitetane til musikarane enno meir.

Natalie Sandtorv – vokal, Jonas Hamre – saksofon, elektronikk, Eirik Havnes – gitar, elektronikk, Liz Kosack – synthar, Dan Peter Sundland – bass, Ole Mofjell – trommer
(BS)

Diktlesing til jazzmusikk
Var det nokon som trudde at diktlesing til jazzmusikk var noko som dukka opp og forsvann i raudvinståka i røykfylte jazzlokaler på 60- og 70-talet? Dei som trur det, skulle vore i Gamlekinoen laurdag kveld og høyrt på Come Shine med Jan Erik Vold og Knut Reiersrud. Der viste Noregs leiande poet at han framleis har det i seg. Hans tekstar bergtek framleis folk, og publikum løna dette med stormande applaus. Han framførte både gamle og nye tekstar, mellom anna ein tekst om flyktningar i Noreg som gjorde djupt inntrykk på publikum.

Come Shine har hatt – og har framleis – ei stor karriere fordelt på to periodar med sine innovative og nyskapande tolkingar av standardlåter frå jazzhistorien. Vi fekk høyre både gamle og nye suksessar, framført på ein måte som framleis gjev tilhøyrarane hakeslepp. Knut Reiersrud bidreg med bluesete gitar- og munnspelklangar som kler låtane særs godt. Men denne skrivaren, som sjølv fusker litt på gitar, skulle gjerne sett at Reiersrud hadde kome fram enno litt meir med sine solistiske kvalitetar. Det er jo ikkje for ingenting at han er rekna mellom Noregs aller beste gitaristar.

Come Shine har ein eigen evne til å få ihelspilte standardlåter til å stå opp frå dauden. Erlend Skomsvolls pianospel er frekt, elegant og med stort glimt i auget, og det finnast knapt et betre komp i Noreg enn bassist Sondre Meisfjord og trommeslagar Håkon Mjåset Johansen. Live Marie Roggen har ei guddommeleg stemme som skamlaust leikar med tonegangar som ikkje ein gong var påkomen då desse gamle låtane vart skriven. Summen av dette er eit av Noregs aller mest populære jazzband. Dette veit sjøvsagt publikum også, og det var bortimot hundre av dei som ikkje kom inn på denne konserten. Då bandet spela historias kulaste versjon av Otis Reddings monsterhit «(Sittin’ On) The Dock Of The Bay», kunne denne skrivaren gå lukkeleg heim.

Erlend Skomsvoll – piano, Live Maria Roggen – vokal, Sondre Meisfjord – bass, Håkon Mjåset Johansen – trommer, Jan Erik Vold – dikt, opplesing, Knut Reiersrud – gitar, munnspel
(BS)

Tekst: Lars Mossefinn (LM), Bjørn Sandnes (BS), Jan Granlie (JG)
Foto: Jan Granlie


Eirik Hegdal fra Tingingsverket


Eivind Lønning fra Tingingsverket


Ole Morten Vågan fra Tingingsverket


Nils Olav Johansen fra Tingingsverket


Mathias Ståhl fra Tingingsverket


Berit Opheim i Hildo


Steinar Raknes i Hildo


Natalie Sandtorv


Dimitri Grechi Espinoza i Dinamitri Jazz Folklore


Piero Gesué i Dinamitri Jazz Folklore


Emanuele Parrini i Dinamitri Jazz Folklore


Dinamitri Jazz Folklore