Konserter

Let the games begin the beguine

VOSSAJAZZ, FREDAG 23. MARS: Så er vårens vakreste eventyr i gang. Det startet allerede på torsdag, med næringslivseminar med temaet Voss – bygd for alle? hvor hovedfokus var på den stadig økende fremmedfientligheten man finner (også) i Norge. Men det foregikk før salt-peanuts.eus utsendte ankom festivalen, derfor fikk de løse de lokale problemene uten oss.

Men på fredag formiddag var vi på plass, og startet med avslutningskonserten til et prosjekt med jazzstudenter fra NTNU i Trondheim, det som i jazzmiljøet går under betegnelsen «jazzlinja». To vokalister, pianist, keyboardist, gitarist, to bassister og trommeslager i et heftig go fremadretta sett, hvor moderne jazz ble blandet med hip hop og rocka anslag. Bandet beviste ettertrykkelig at det fremdeles foregår mye positivt på jazzlinja, og dette er nok en gjeng musikere vi vil få høre mer til senere.

«Hva er det jazzen har som jazzen av og til ikke har?» spurte Jan Erik Vold før han la til: «Jazz handler om folkeskikk også». Samunnsrefsaren Vold rista litt i sine eigne. Mangel på feiring og markering av maestroen Egil Kapstad sine runde dagar på tampen av livet, er ei unnlatingssynd som dei rette herrar og damer må notera seg, og så får dei same minnast orda til Osamannen. Etter eit par dikt og ein anekdote om saksofonistens Zoot Sims erklærte Vold den 45. Vossa Jazz for opna. Før det hadde som vanleg Jørn Styve og Jørund Indrehus gjeve oss Vossa Jazz-kjenningen «Heime på steinane».

Så var det berre å seia som i IOC: «Let the games begin the beguine». På scenen stod eit skikkeleg kremlag valt av Arild Andersen (hovedbilde). Marius Neset på saksofonar, Helge Lien, piano og Fender Rhodes og Gard Nilssen, trommer og sjefen sjølv på bass m/ wah-wahpedal!

Konserten opna med «Rose Window» frå plata av same namn. Dette er ei trioplate utgjeven i serien European Jazz Legends med nettopp Helge og Gard. Det heile opna med ein klassisk Andersen-intro før Neset introduserte temaet og følgde opp med eit kor som indikerte at han ikkje var heilt varm i trøya. Lien følgde opp med eit kor med til dels kontrasterande idear og Andersen avslutta med eit groovy kor som berre han kan. Dei heldt fram med «Science» frå same plate før dei roa han ned med Pat Methenys «This Belongs to You» der Neset leverte eit strålande dynamisk kor som Lien sparka i gang med ei grieg’sk akkordrekkje og Nilssen runda av med eit frapperande trommekor.

«Venise» blei høgdepunktet for meg. Andersen la grunnlaget med eit sugande ostinat der tidlegare nemnde Wah-wahpedal kom til sin rett. Nilssen følgde opp med eit trommespel som spesielt Tony Williams-fans sette stor pris på. Neset var neste mann ut med eit fragmentert kor i beste Shorter-stil, og ein kjende seg ført attende til tidleg 70-tal.

Etter balladen The Day kom ei hylling til Billy Hart der Neset og Nilssen jaga kvarandre i ein intens duo før dei gjekk over til eit kvartettparti som vekte minna om tidleg Return to Forever, og Andersen hadde nokre generøse bukk til Stanley Clarke. Konserten blei avslutta med klassikaren «Mira» før dei runda av med «Saturday» der Neset spelte på heile registeret og Nilssen viste kva eit par golvtammar kan brukast til.

Opningskonserten blei ein triumf for Arild Andersen og Vossa Jazz. For Andersen blei konserten eit prov på den eineståande plassen han har og har hatt i internasjonal jazz i snart 50 år. Han kan dra vekslar på 70-talets musikalske magi og transformera det til eit moderne uttrykk i samspel med langt yngre musikarar og få det beste av to univers. Han kan gjera det med ein eineståande autoritet fordi han var sentral då, og han er minst like sentral no.

Det er ikkje langt mellom trommeslagarane som også er orkesterleiarar. Trommeslagarar som også er profilerte komponistar er det færre av. Eg kjenner ikkje bakgrunnen for at Trude Storheim tinga musikk av den finske trommeslagaren Olavi Louhivuori, men om Louhivuori har statistikken og soga mot seg, viste han med bravur at trommeslagarar også kan komponera. Det meste av musikken var svært lågmælt og roleg. Til tider var steminga neddempa meditativ. Det overraska meg at ein trommeslagar lagar musikk der hans rolle som instrumentalist er så til dei grader avgrensa.

Musikken passa Trygve Seim og Jakob Bro perfekt. Seim fekk brukt sin spesielle sakstone, og Bro spelte på heile effektregisteret. Palle Danielsson prega musikken med sin særeigne basstone, men han var ikkje like komfortabel med deler av basspartituret. Louhivuori hadde til tider gjort bass- og trommepartituret innfløkt. Me kan sjå fram til at dette kjem på plate. Storheim treng ikkje angra tinginga si!

Den amerikanske gitaristen Mary Halvorson, hører man ikke så ofte i Skandinavia. Men Vossa Jazz hadde kapret henne i år, på turneen med sitt nye prosjekt, Code Girl. Med seg i bandet har hun trompeteren Ambrose Akinmusire, en av de relativt nye, amerikanske stjerner på jazhimmelen, veteranbassisten Michael Formanek, trommeslageren Tomas Fujiwara og vokalisten Amirtha Kidambi. Og allerede fra første tone oppdaget vi at dette ville bli spennende og nytt. I de partiene Kidambi medvirket, fikk musikken et nesten verdensmusikalsk tilsnitt og hennes sang var original og ny, særlig i en slik spesiell setting. Og Akinmusire, som ikke tidligere har vært noen favoritt for undertegnede, leverte knivskarpt spill som fungerte perfekt i helheten. Bassist Formanek og trommeslager Fujiwara var selve limet i sammensetningen, og særlig syntes jeg Formanek leverte solid, både i ensemblespillet og i soliene.

Og over, under og ved siden av det hele, regjerte Halvorson med sitt spennende og fine spill. For undertegnede ble dette dagens høydepunkt, og det var godt at så mange hadde funnet veien til Café Stationen for å oppleve den nyeste delen av «Brooklyn-jazzen».

Et godt stykke fra Brooklyn oppholder den svenske trompeteren og orkesterlederen Goran Kajfes seg. Med sitt Subtropic Arkestra, tar han oss med til landene rundt Balkan, kombinert med litt afrikansk ørken-jazz, sammen med noen av de beste musikerne i Sverige per i deg.

Vi fikk møte saksofonistene Per «Ruskträsk» Johansson og Jonas Kullhammar, bassisten Johan Berthling, gitaristen Reine Fiske, organisten Tomas Hallonsten og trommeslageren Johan Holmegard,ved siden av Kajfes, i et flott sett hvor man bare kunne lene seg tilbake og nyte. Rytmisk svevende og swingende, solide solistparter, fantastisk samspill og fine kompsisjoner og strekk. En «höydare» som de selv ville ha uttrykt det.

På denne første kvelden av Vossa Jazz var det uvanlig mange mennesker på de forskjellige konsertene. Det er mange år siden vi har opplevd like stor publikumstilstrømming til festivalen. Og hvis dette fortsetter resten av weekende, tror vi festivalsjef Trude Storheim kan smile hele veien til banken på mandag. Vi kommer tilbake med mer i morgen.

Tekst: Jan Granlie og Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie


Gard Nilssen med Arild Andersen Quartet


Marius Neset med Arild Andersen Quartet


Mary Halvorson


Ambrose Akinmusire


Goran Kajfes Subtronic Arkestra


Ole Mofjell på jam