Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Levd liv og friske idear

VOSS JAZZKLUBB, 07.03.2015: Eldbjørg Raknes og Oscar Grönberg hadde sin første konsert etter utgjevinga av CDen «You Make Me Feel» i foajeen i Gamlekinoen på Voss laurdag 7. mars. Duoen hadde nytta lokalet til preproduksjon dagen før og føremiddagen konsertdagen. Dei hadde brukt tida godt.

Allereie frå første låt, «You Make Me Feel», merka ein at duoen hadde som sams målsetjing å trengja djupare inn i materialet. Sjølv om setlista var identisk med CDen, var det heile tida små arrangementsdetaljar å gleda seg over, t.d. den majestetiske introen til Grönberg på «Everything Happens to Me» og det flotte koret hans på «Blame It on My Youth» der Raknes var langt meir dynamisk enn på plata.

Eit av høgdepunkta i konserten var «Ballad of Sad Young Men», «River» og «Once upon A Summertime» framført tilnærma som ein medly. Raknes loddar verkeleg djupt i Mitchell-låten, og ho er førebileteleg i tekstuttalen på Landesman/Wolf-klassikaren. Sekvensen blei runda av med nok ein særmerkt Grönberg-solo.

Tempoet i «Takes Two to Tango» er herleg seigt som sirup, men eg kunne ynskja ein noko morskare snert i vokalen. Det er trass alt tango det er tale om. I «Black Coffee» ante eg ein liten «touch» Karin Krog i fraseringa. Røtene går også ned i heimleg jord.

Ekstranummeret kom som ei overrasking. Duoen forlet den amerikanske songboka til fordel for den norske, og dei gjorde ein rørande versjon av Sivle/Søraas d.e. «Den fyrste song». I førekant dedikerte Raknes songen til mora som ville ha fylt 68 år dagen etter (d.v.s. 8. mars). Denne songen er det etterkvart gjort nokre versjonar av, men også her greidde Raknes å setja sitt klare preg. Resignasjonen i avslutningsfrasa kunne ein ta på.

Plata «You Make Me Feel» er meir enn vellukka. Konsertversjonen leverer det vesle ekstra.

Tekst: Lars Mossefinn Foto: Per Finne

Skriv et svar