Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

London Jazz Festival feira Surman

LONDON JAZZ FESTIVAL – DAG 1: Kl. 21.30 lokal tid avslutta John Surman, Karin Krog og Bergen Big Band konserten sin i Kings Place med J. J. Johnsons vakre «Lament» i John Warrens arrangement som ei hylling til Olav Dale. Det var ei verdig markering med alle dei involverte på sitt aller beste.

Konserten som tok til to timar tidlegare fokuserte før pause på samarbeidet mellom dei tre. «Angel Eyes» er framleis det ultimate dette samarbeidet har utvikla, og konserten i går var eit prov på det. Etter pause var det tid for musikken frå «Another Sky». Spesielt «South Western Approaches» let fenomenalt. Det same kan seiast om Monk-balladen «Ruby, My Dear», som tandemet har adoptert. Den fekk ei dynamisk og emosjonell framføring. Surman var sjølvsagt hovudsolisten. Ole Jakob Hystad var glimrande frampå fleire gonger. Også Ole Thomsen var i uvanleg godt lune og leverte gneistrande gitarkor.

Hall One var fylt til siste sete. Tom Svendsgård gjorde sakene bra som lydmann i ein sal som ikkje gjev eit storband mykje gratis, spesielt ikkje i fullt øs.

Møtet mellom Surman og BBB fann stad på andre dag av London Jazz Festival. Kvelden før hadde Surman innleia programmet «Surman at Seventy» med ein konsert med strykekvartetten Trans4mation, bassisten Chis Laurence» og den australske blokkfløytevirtuosen Genevieve Lacy som mellom anna inneheldt europeisk premiere på «Three Landscapes». Eit fascinerande musikalsk samarbeid som viser Surman i alt sitt utrulege mangfald. Her kom akustikken i Hall One verkeleg til sin rett. Ein konstellasjon som også andre festivaltilskiparar bør vurdera?

Første festivaldag blei avslutta i selskap med Brandford Marsalis Quartet. Ein veit kva ein får med dette laget, og som ein liten bonus var trommeslagar Evan Sherman i uvanleg spelehumør og vart sterkt oppmoda av sjefen sjølv.

Avslutningsvis skal nemnast at The Dedication Orchestra leverte ein bukett låtar av Chris McGregor, Dudu Pukwana, Mongezi Feza og Johnny Dyani. Med i bandet er den einaste attlevande frå det legendariske bandet «The Blue Notes», trommeslagar Louis Moholo-Moholo. Besetninga i dette 26-medlemmers sterke bandet er som ei «Who’s Who-liste» om jazz i England. Det var andaktsstemning då bandet avslutta med Fezas «You Ain’t Gonna Know Me, Cos’ You Think You Know Me».

Tekst: Lars Mossefinn

Foto: Jessica Nicolas

Skriv et svar