Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Musikkmaraton på North Sea

Då Outkast avslutta North Sea Jazz Festival 2014 ved midnattsleitet sundag, var det siste konsert i ei rekkje på omlag 150. Publikummarar på festivalen må gjera mange vanskelege val undervegs.

Fredagen var ein topp dag, og laurdag og sundag nådde ikkje heilt opp. Høgdepunktet på laurdagen var faktisk Marius Nesets prosjekt med Trondheim jazzorkester slik ein kjenner det frå plata «Lion» som kom i vår. (Tittellåten avslutta konserten.) Det blei spanande reise i Nesets musikalske univers ispedd mykje improvisasjon både frå orkesterleiaren og dei fleste bandmedlemmene. Gard Nilsen var sjølve fyrtårnet som resten av bandet kunne navigera etter. ‘Konsertlokalet’ Darling er vel ikkje det beste på huset, og inn imellom var det ubalanse i lydbiletet.

Snarky Puppy er verkeleg hotte for tida, og jazzfestivalane kappast om å booka dei. I høve North Sea hadde dei fått med seg Friends. Dvs. dei var 14 på scenen inkludert fire kvinnelege vokalistar. Spesielt sekvensen med vokalistane tok skikkeleg av, sjølv om den hyperaktive orkesterleiaren og bassisten Michael League gjev inntrykk av at det går på høgoktan heile tida. Ikkje heilt utan baktanke hadde festivalen programmert slik at Lalah Hathaway var neste artist på same scene som Snarky Puppy. Dermed var det duka for ein prøve på det Grammy-løna samarbeidet deira.

Vokalisten Simin Tander er tyskfødd nederlendar med afghanske røter. Ho er i ferd med å skapa seg eit namn, spesielt i Tyskland og Nederland. Konserten henta hovudsakleg materiale frå den siste plata hennar «Where Water Travels Home». På denne hentar ho mange impulsar frå sin afghanske bakgrunn. Det er utruleg dynamikk i uttrykket hennar, og kjemien med bandet er perfekt. Svært hyggeleg.

Benny Golson sjarmerte oss fredagen på Blue Note-jubileet, både som tenorsolist og historieforteljar. Eg oppsøkte Golson-kvartetten med Kirk Lightsey på piano. Eg venta meg kanskje noko meir saksofonspel og litt mindre sogeforteljing. Slik gjekk det ikkje, og når Golson drog i gang historia (fullversjonen) om korleis «I Remember Clifford» blei til, sa eg takk for meg. Før det hadde han framifrå vis framført Ellington-signaturen «Take The A-Train» med rikeleg rom for Lightsey å briljera på piano, men heller ikkje her unngjekk Golson å fortelja ein lengre historie.

Det er uvanleg å høyra så pass unge trompetarar som Ellister van der Molen (37) ha full snøring på hard bop-stilen både når det gjeld tone i instrumentet og fraseringar. No vart ikkje dette ein bop-konsert. Van der Molen synte etterkvart fram ganske mange sider av seg sjølv, kanskje så mange at ein byrja å etterlysa ein kjerne…?

Tema- eller konseptkonsertar er noko festivalarrangørar elskar. Spesielt å kunna laga ein serie konsertar med ein raud tråd, står høgt i kurs hjå kuratorane. Tanken er sjølvsagt at tematikken og forholdet mellom konsertane skal gje ein tilleggsverdi. Mi røynsle er at dette skjer sjeldan. Langt oftare opplever ein det motsette. Kva som har skjedd mellom North Sea-kuratorane og Dr. John i samband med temakonserten «Spirit of Satch», kunne vore interessant å vita, men her må eg nøya meg med å slå fast at denne konserten helst ikkje burde vore spelt. Dr. John verka utilpass, Nicholas Payton spelte Nicholas Payton, og den nederlandske blåserekka let smånervøst.

Då er det meir substans i Stevie Wonder. Tallause hit-låtar har han komponert og gjennom innspelingane har han levert den autoriserte tolkinga. Det er ikkje mange artistar som har ein slik posisjon i populærmusikken. Banda Wonder har med seg er alltid topp. M.a.o. det kan ikkje bli feil. Eg må tilstå at freistnadene på å få til allsong er «på grensen» av det eg maktar, og blåsearrangementet til «Day Tripper» høyrdest ut til å vera kjøpt på «Rema 1000», men då er eg kanskje i overkant kritisk, for moro var det lell…

Laurdagen ebba ut ein time inn i sundagen med moteshow eller kostymeball. «Space Is The Place» song Sun Ra Centennial Dream Arkestra medan dei trakka rundt på scenen i fargerike kostymer. Om avslutninga på konserten fortalde noko om resten, så bør arven etter Sun Ra forvaltast på anna vis enn dette her.

Sundag blei ein litt amputert dag for underteikna grunna ei parallell tilskiping i Brasil, men festivalen byrjar tidleg den dagen, så det var mykje å høyra på før Die Manschaft og Messi tok over. Den kraftige plusset i margen sette eg for den amerikanske gitaristen Nir Felder. Han er eit kjent namn for mange, ikkje som orkesterleiar og komponist, men han har fartstid med både Jack DeJohnette og Esperanza Spalding. Han har hatt eigen kvartett sidan 2010, og plata hans «Golden Age» kan ein godt merkja seg. Konserten blei eit av høgdepunkta for meg. Underfundige komposisjonar (med minst like underfundige titlar) og eit til tider minimalistisk gitarspel som i alle fall sette meg ut. Eit band med Nate Smith på trommer er heller ikkje å forakta.

Nokre timar før på same scene (Yenisei) kunne ein høyra den nederlandske pianisten Randal Corsen med bandet «Symbiosis», med bl.a. den unge nederlandske el-bassvirtuosen Glenn Gaddum jr. Corson har røter i Curacao, og musikken er ein miks av jazz, latin og samtidsmusikk. Avslutningsnummeret var ein skikkeleg tour de force, og bandet fekk fortent ståande applaus.

Ettermiddagen opna med Henry Butler, Steven Bernstein & The Hot 9. Musikken er av Butler og arrangementa av Bernstein. Mykje godt folk i bandet, m.a. trombonist Curtis Fowlkes, saksofonist Peter Apfelbaum og fiolinist Charlie Burnham i tillegg til Bernstein og Butler. Det var sjølvsagt full rulle frå første takt.

Litt meir sofistikert var det i Hudson der Darcy James Argue heldt hoff med sitt «Secret Society». Canadiske Argue har blitt anerkjent som komponist, arrangør og orkesterleiar gjennom dei to platene bandet har gjeve ut. Det er eit mangfald i dei musikalske kjeldene Argue auser av. No var spesielt Balkanmusikk sterkt representert. Det er spesielt komposisjonane, arrangementa og ensemble-spelet som fascinerer. Solistisk er det lengre mellom drammane.

North Sea 2014 enda for mitt vedkomande i selskap med den amerikansk/ franske vokalisten Cécile McLorin Salvant. Her er det tale om jazztradisjon for alle pengane, men Salvant går litt utanfor allfarveg når ho plukkar repertoaret. Ofte er det heller ukjende låtar med Bessie Smith, Billie Holiday etc. Fraseringa og tonekontrollen er rå, og pianokompet til Aaron Diehl var rikt på fine detaljar. Jazz med Kongsbergknekk og samla ski!

Tekst: Lars Mossefinn

Skriv et svar