Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Musisering med innestemme

VOSS JAZZKLUBB, GAMLEKINOEN, VOSS, 25. FEBRUAR 2026: Pianisten Kristin Skaare er inne i ein kreativ periode. På kort tid har ho gjeve ut to plater, først Transparency med kvartetten Nils Økland, Mats Eilertsen, Rune Arnesen i tillegg til seg sjølv. På Turned to Memories har ho med bassisten Andreas Amundsen. Det var med repertoaret og besetninga frå sistnemnde plate Skaare og Amundsen vitja Voss jazzklubb.

Gjennomsnittsalderen til publikummet var så pass høg at heile repertoaret blei som ein nostalgisk ynskjekonsert. Likevel skal det seiast at duoen leverte svært personlege tolkingar heile vegen. Det var ikkje ein einaste sekvens som ikkje var gjennomtenkt og framført med intenst fokus. Allereie frå opningslåten «En smuk aftensang» sette dei to stemninga. Dei følgde opp med «Bruremarsj frå Beiarn» før dei gav seg i kast med Janis Ians «At Seventeen» og runda av ein innleiande sekvens med «På Enerhaugen», ei kjærleikserklæring til den gamle trehus-busetnaden i Oslo med tekst av Alfred Næss. Melodien er skriven av Henrik Blichmann til visa «På kajen».  Her fekk me også oppleva den verbale kommunikatoren Skaare. Ho greidde på sterkt vis å få fram den politiske sprengkrafta som låg i denne milde protestvisa.

Repertoaret var sett saman av folketonar, ikkje overraskande var fleirtalet norda frå. Den andre delen var standardlåtar, dvs. avgrensa til «I Fall in Love too Easily» og ein leiken versjon av «All The Things You Are», men eg vil meina at førstnemnde blei eit aldri så lite høgdepunkt på konserten. Her sleppte dei taket og utfordra seg sjølve, og når dei to gjekk over i ein groove, då kjende ein at den Jarrett’ske ånda svevde over vatnet.

Den tredje og største delen av repertoaret var desse visene av ymse opphav som alle er blitt folkeeige, frå Bellmann til Prøysen. Det andre høgdepunktet var frå nett den delen av repertoaret. Den sarte tolkinga deira av «Hildringstimen» av Erik Bye var ei openbaring. Her blei det ikkje servert ein overflødig tone. Låten kom etter at Skaare hadde fortalt historia om Søndagsposten på utruleg livfullt vis. Det var som ein kunne sjå for seg Alf Prøysen og Otto Nielsen i studio. Det passa såleis veldig bra med ekstranummeret «Æille har et syskenbån på Gjøvik». Nok ein vellukka kveld i regi av Voss jazzklubb!

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Voss Folkehøgskule


Kristin Skaare Foto: Helena Canzler


Andreas Amundsen Foto: Helena Canzler