Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Opningsdag med mange høgdepunkt

NORTH SEA JAZZ FESTIVAL, ROTTERDAM DAG 1, 7. JULI 2017: Ynskje om evig ungdom vil vera med oss alltid enten det er ein patetisk dagdraum eller ein vanvitig vitskapsvisjon. Ein som ikkje treng til tenkja slik er Stevie Winwood. Han er evig ung, og musikken hans er eviggrøn. Saman med Håkon Kornstad Ensemble var dette haksesleppsaugneblinka på opningsdagen av North Sea Jazz Festival (NSJF).

Det byrja med Wayne Shorter Quartet, etterkvart i samspel med flamske Casco Philharmonics. Materialet var henta frå det som skal bli Shorters nye plate Emanon (No name baklengs. jf. Dizzy Gillespie). Etter det Shorter fortel, skal dette bli ei multimedia-utgjeving i samarbeid med teikneserieskaparen Randy DuBurke og kammerorkesteret Orpheus.

Det var Shorters musikk. Ikkje tvil om det, men ein har blitt ganske godt van med åra, og kvartetten har levert konsertar for historiebøkene nærast på bestilling. Det kan hende at dette går seg til, men der og då funka det ikkje spesielt bra. Komposisjonane, deler av arrangementa og lyden var ok, men ein fekk ei kjensle at formatet blei meir ei tvangstrøye enn noko som opna opp dører og synte fram nye sider ved musikken.

Grace Jones (69) kjem ikkje i kategorien dei eldste er best. Å halda liv i mytane om seg sjølv er ein kunst, og Jones har sjølvsagt gjort store offer for å vera der ho er som ekstremvarianten av ein femme fatal. Ein konsert med Grace Jones er ein performance, og i ein annan samanheng med betre innsyn til scene og lyd ein kan leva med, kunne dette vore nett så sært sjarmerande at det kunne kvalifisert til nemninga god underhaldning, men der og så blei det patetisk.

Då ein etterpå sat i Madeirasalen og høyrde på dei siste 20 minuttane av Greg Ward & 10 Toungues, innsåg ein at ein hadde prioritert feil. Siste plata hans Touch My Beloved’s Thought har fått fine omtalar, og det var nettopp frå denne utgjevinga musikken var henta. Mingusinspirert så det held, men med mange fine solistiske bidrag både frå orkesterleiaren sjølv og dei to trompetarane Jonathan Finlayson og Marquis Hill.

Både Ward og Hill dukka opp litt seinare på scenen Yenisei med sistnemndes band Blacktet. Også bassist Junius Paul og trommeslagar Makaya McCraven var med over frå bandet til Ward, og Joel Ross (vibrafon) blei berre programhelt. Hill er eit teknisk unikum, og med seg hadde han musikarar som kunne vera med på den virtuose leiken. Rytmeseksjonen tok heilt av i avslutninga, og publikum var rause med ovasjonane.

Stevie Winwood er eit fenomen. Stemma hans like fin som ho alltid har vore, og gitaren trakterer han like suverent som B3-en. Han byrja ballet med «I’m A Man», og avslutta med «The Low Spark of High Heeled Boys», «Empty Pages» og «Higher Love». Slikt blir det ståande applaus og ekstranummer av! Under vegs hadde han spelt låtar frå Spencer Davis, Traffic og Blind Faith-perioden, og likevel sat ein å venta på «40 000 Headmen» og «Smiling Phases». Det kan me ha til gode.

Bandet er p.t. svært homogent, og gitarist Jose Neto, saksofonist og altmoglegmann Paul Booth, trommeslagar Richard Bailey og perkusjonist Edwin Sanz gjer dette til ei fleksibel eining som matchar Winwoods mange sider.

Eg har ikkje tidlegare opplevd slik trengsel oppe i intimsalen Volga, men arrangørane hadde tydelegvis bomma litt på Håkon Kornstad Ensemble si tiltrekkingskraft. Trappa opp til lokalet blei stengt av tryggingsgrunnar, og inne i salen var det badstove. Ensemblet leverte ein magisk konsert, og publikum blei verande og var musestille. Sett med norske briller var programmeringa ikkje heldig i den forstand at Atmosphères (Hamasyan, Henriksen, Aarset og Bang) byrja ein halv time ut i Kornstad sin konsert. Eg valde å ta med meg Atmosphères frå første sekund. Opplevinga blei noko blanda. Dette skuldast ikkje det som blei servert frå scenen. Konserten byrja 23.15, og då var salen rimeleg full, men allereie etter 15-20 min. hadde meir enn 1/3 av publikum forlate salen. Seinare var det eit renn ut og inn som gjorde at konsentrasjonsevna blei sett på ein sterk prøve.

Musikken var innleiingsvis nett så sfærisk som venta, og musikarane tok seg tid med å utvikla ideane, men publikum var ikkje i det tolsame og konsentrerte hjørnet. Musikarane skal ha stor ros for å gjennomføra ‘kampplanen’. Det betalte seg dei siste 20 minuttane. Då kom ideane trillande som erter or ein sekk, og ein kunne sjå at musikarane fekk skikkeleg fot, men diverre var det altfor mange som ikkje fekk med seg nettopp det.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Oliver Belopeta

Skriv et svar