Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Oriental Hoedown på Osafestivalen

OSAFESTIVALEN, VOSS, 23. OKTOBER 2026: Diverre blei Osafestivalen i år ganske amputert for salt peanuts* sitt vedkomande. Tilfeldigheiter gjorde at underteikna var aleine om å dekka festivalen og at eg ikkje kunne ta med meg anna enn idrettshall-konsertane fredagen. Me kjem sterkare att i 2027!

Det knytte seg ei viss spaning til konsertane på denne festivalen. Sprilt (tidl. Voss lyd) hadde i samarbeid med festivalen utvikla scenerommet og -designet i idrettshallen heilt sidan pandemien og dei hadde eit godt grep om dei mange og kjappe sceneskifta. I år hadde Hallingdal lyd teke over stafettpinnen, og den nemnde spaninga knytte seg til om dei nye kostane hadde alle detaljar på plass. Den korte konklusjonen var alt gjekk som smurt.

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery har eit spesielt auge og øyre for folkemusikken. Ho har vore styreleiar for Riksscena (for folkemusikk) og har lenge hatt eit bankande hjarte for Ole Bull akademiet og Osafestivalen. Ho hadde fått det ærefulle oppdraget å opna festivalen – ein festival som hadde tjuvstarta med ei handfull tilskipingar på torsdag og tidlegare på fredagen. For å setja publikum og ministeren i den rette stemninga, gav UNG-Osa til beste ei danseoppvising som blei avslutta med eit stereo-hallingkast akkompagnert av fløytevirtuosen og halv-vossingen Steinar Ofsdal.

Elias Akselsen hadde blitt sjuk, og festivalen måtte på kort varsel henta inn erstatning. Tore Brunborg (tenorsaksofon) og Helge Lien (piano) er i stil og uttrykk eit godt stykke unna Akselsen, men når så galt skulle vera, verka det som publikum sette pris på alternativet. Det synte seg at det var det all grunn til. Dei spelte fire låtar, både frå Lien si hand og tradisjonelle slåttar som «Gamleslåtten» og «Sylfest Mork». Lien og Brunborg har båe det til felles som solistar at dei har ei melodisk åre i det dei gjer – her meir enn elles. På eit vis blei konserten eit strålande døme på det vakre i det tilbakehaldne.

Andrea Søgnen (langeleik) frå Gol er den fremst på dette instrumentet her til lands. Ho har i alle fall vunne Landskappleiken dei tre siste åra. Eg innrømmer gjerne at kunnskapen min på dette feltet hadde hatt godt av litt påfyll, men trass i den korte konserten der ho framførte tre låtar, så overtydde ho med teknisk briljant spel og ei mogen forståing av moglegheitene til instrumentet.

Eg er litt ambivalent til fenomenet med dei ultrakorte konsertane. Det er fint at mange får visa seg fram, men eg sat att med kjensla at Søgnen kunne teke det enno eit steg om ho fekk halda fram i 15 – 20 minuttar til.

Ein som ikkje er skapt for det korte formatet, er Knut Buen (hardingfele). Han er konsis, men har mykje på hjarte. Alexander Aga Røynstrand (hardingfele) hadde ingen problem med å spela andrefiolin i dette selskapet. Temaet for konserten var å setja speltradisjonen i Telemark opp mot ditto i Hardanger og Voss. Det fekk me fleire døme på takka vere Røynstrand. Dvs. han introduserte slåttane og presenterte temaet. Buen spelte og fortalde gode soger, og det kan han som ingen annan. At han framleis har noko å by på som hardingfelespelar var framføringa av Gjermund Haugens «Tjønneblomen» eit prov på. Røynstrand spelte andrefiolin i overført tyding. Med hardingfela var han sjef.

Høgdepunktet for meg denne kvelden var møtet mellom Ola Kvernberg og Trondheimssolistene (hovudbilete) med leiaren deira Alex Robson. Dei har samarbeid jamt og trutt heilt frå 2014 og den kritikarroste plata Mechanical Fair, og no fekk me høyra fem verk/låtar av nyare dato med det lange verket «Hypnagogia» (grenselandet mellom søvn og vaken tilstand) som eit slags sentrum. Verket blei opphavleg skriven for Engegårdkvartetten, men no i nytt arrangement. Fart i sakene blei det så avgjort då dei framførte «Hora Martisorului» av den rumenske fiolinisten Grigoraṣ Dnincu som visst skal ha vore favorittfiolinisten til Kvernbergs favorittfiolinist Jascha Heifetz. (Ein finn opptak av «Hora Martisorului» med Dinicu på YouTube.) At Kvernberg har teknisk full kontroll, veit ein jo, men det er like overveldande å oppleva kvar gong. Han spelte også eit par stykke frå filmmusikk han har laga nyleg, både «Ludviks drømmer» og ekstranummeret «Jag etter vind», noko som meir enn anna viser oss den særs gåverike komponisten Kvernberg. Det store høgdepunktet blei likevel «The Oriental Hoedown». Skriven på sjukehus i morfinrus etter eit beinbrot i flg. Kvernberg, og det hjelper på med morfinrus om ein skal dansa hoedown etter denne låten. Samspelet mellom Kvernberg og Trondheimsolistene var heile kvelden strålande og på-tå-hev, men her svinga det verkeleg og ein fekk ein tilbakelent groove i celloane som forplanta seg i heile orkesteret.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Knut Utler


Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery


Helge Lien og Tore Brunborg


Andrea Søgnen


Alexander Aga Røynstrand og Knut Buen


Ola Kvernberg og Trondheimsolistene