Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Pangopning for North Sea

Joshua Redman, Ambrose Akinmusire, Pharrell Williams, Kapok og Tedeschi Trucks Band sytte for vellukka opning av North Sea Jazz Festival på Ahoy i Rotterdam i går. Festivalen var utseld på rekordtid mykje takka vere nemnde Williams og kveldens hovudattraksjon, Stevie Wonder.

Maratonløypa mi tok til med Henry Threadgill (bildet). Han kom til Rotterdam med Zooid, kvintetten han har halde fast på i fleire år. Det var ei meir lågmælt utgåve av bandet enn eg har høyrt tidlegare, og sjefen sjølv brukte altsaksen meir sparsamt enn før. Også spelet var meir nedstrippa. Eg lar meg alltid fascinera av dette flettverket av melodilinjer som blir skapt av gitar, tuba og cello, og korleis dei saumlaust vekslar mellom komp og solistrolle. Nok eit hyggeleg møte med ein av mine favorittar og ein fin start på festivalen.

For den gamle heidersmannen Pharoah Sanders blei det ikkje nokon autostart på konserten. Ugreie med lyden og rusten sakslyd gjorde ikkje opningsnummeret til noka udelt positiv oppleving, men det blei betre, og Sanders blei varm i trøya (ei blå glinsande diskojakke med matchande sjokkrosa joggesko!) og ein fekk servert ein del signaturlinjer og -licks av ein stadig meir opplagt Sanders. Bandet var lojalt støttande, men noko preglaust.

Eg forlèt Sanders før slutt for å få med meg siste del av konserten til Paloma Faith. Det kunne eg ha spart meg. Det ville vera respektlaust å seia at Faith har ei røyst som høver best for tekst-TV, men eg har vanskar med å forstå kva som skal vera så hipt med denne vokalisten. Slike innvendingar hadde eit talrikt og entusiastisk publikum ikkje sans for. Trass i proft show, bra band og friske backingvokalistar, konkluderte eg med Faith no more.

Den store oppturen og overraskinga kom med den nederlandske trioen Kapok. Morris Kliphuis, trompet og valthorn, Timon Koomen, gitar og Remco Menting, trommer har halde på ei tid og er ute med to CDar. Om ein kan tenkja seg ei kryssing av Ibrahim Electric og Alperin/ Shilkloper så tangerer ein det Kapok held på med. Musikken er fylt med populærmusikalske og etniske referansar og humoren er aldri langt vekke. Ein skikkeleg opptur.

Joshua Redman Quartet hadde fått det ærefulle oppdraget å spela med strykeseksjonen til Metropole Orkest. Festivalen produserte nokre tilsvarande konsertar i fjor med noko blanda resultat, men ein kan med glede konstatera at Redman heva standarden. Formularet gjekk igjen så å seia gjennom heile konserten – ein rubato sekvens med strykarane og Redman før rytmeseksjonen kom inn og strykarane produserte klangflater for kvartetten. Høgdepunktet på konserten, Wayne Shorters «Infant Eyes» gav strykarane ein meir sentral rolle. Vellukka!

Å få ein brukande plass på konserten med Pharrell Williams var uråd, men eg fekk i alle fall med meg så pass at Williams som sceneartist har det meste som skal til – bra musikk og super koreografi. Ungdommen fekk det dei var komne for.

Jason Moran leia ein hyllingskonsert til plateselskapet Blue Note og kunne skilta med eit stjernelag. Første del var uinspirert med ein likesæl versjon av Horace Silvers «Song to My Father» som absolutt lågmål. Så entra Dr. Lonnie Smith scenen og det byrja å ta av. «Caravan» var vel noko langdryg, men i den neste blues-originalen av Smith tok det fyr, og når Benny Golson gjorde samse tak i «Blue March» var ein skikkeleg i gang. Konserten enda med «Stablemates» og ein grenselaust vakker «I Remember Clifford. Før det hadde Golson hatt ein halvtime improvisert jazzhistorie. Storveges!

Kvelden blei avslutta i selskap med Tedeschi Trucks Band. To tear the house down, heiter det på engelsk, og det var nettopp det bandet gjorde. Eit av verdas beste bluesband!

Me gler oss til laurdagen.

Tekst og foto: Lars Mossefinn