Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Phronesis + storband og den amerikanske Kurt Weill

LONDON JAZZ FESTIVAL, SISTE DAG: Det blei ei avslutning på London Jazz Festival med spennvidde. Arena for båe konsertane var den flotte salen Milton Court. Det byrja med Phronesis og Frankfurt Big Band på ettermiddagen og Julia Hülsmann Quartet med Theo Bleckmann med sitt Kurt Weill-program om kvelden.

Phronesis feirar i desse dagar tiårsjubileum med å be Julian Argüelles om å skriva storbandarrangement til trioens musikk. Argüelles har jobba mykje med Frankfurt Big Band dei seinare åra. Det var naturleg at han valde dette bandet til å framføra arrangementa.

Argüelles har hatt ein del utfordringar i møte med Phronesis sin musikk. Det er ikkje like lett å sjå korleis ein skal gripa arrangøroppdraget an. Dette skulle framførast med trioen som rytmeseksjon. Eg opplevde at Argüelles i prinsippet valde tre ‘modellar’. I ein del av arrangementa fungerte ensemblet som eit einskapleg storband. I andre deler var arrangementa berre lange strekk med klangflater under trioen. I desse få sekvensane syntest eg arrangementa var minst vellukka. I den siste bolken av arrangement interagerte trioen og storbandet, men slik at trioen stod fram som ensemble i ensemblet.

På tampen av konserten presenterte ensemblet ein samansett komposisjon som opna i balladetempo, men via eit lengre piano- og basskor auka i tempo og gjekk over i ein 8-8, 4-4 sekvens med tenorsaks, trompet og trombone. Her fekk både trio og storband vist seg fram i full breidde. At Ivo Neame, Jasper Höiby og Anton Eger er framifrå solistar, veit ein, men at Frankfurt Big Band var så spekka med solistar, var sikkert overraskande for mange.

Sjølv om Milton Court er ein utsøkt konsertsal, er han ikkje skreddarsydd for storband. Messingblåsarane let kanskje noko hardt, og innleiingsvis var ikkje trioen heilt i balanse, men klarleiken i lydbiletet (blant blåsarane) var det ingenting å seia noko på. Ein fullsett sal gav ensemblet langvarig ståande applaus.

Seinare på kvelden same stad presenterte Julia Hülsmann (bilete) repertoaret frå ECM-utgjevinga «A Clear Midnight – Kurt Weill And America». Det originale med Julia Hülsmanns plate er at 11 av dei 12 utvalde låtane er henta frå Weills år i USA. Weill flytta til USA i september 1935 etter at han måtte forlata Tyskland i 1933. Med jødisk bakgrunn og politiske sympatiar til venstre i politikken, hadde han ikkje noko val.

Konserten opna med «Your Technique» og «Great Big Sky» før ein kom til den første megahiten «Speak Low» med ein glimrande interaksjon mellom Arthurs og Bleckmann, men det var vel ikkje før med «Mack The Knife» at konserten tok skikkeleg av. Sistnemnde, henta frå «Tolvskillingsoperaen», fekk ei utforming som fjerna det karikerte preget som denne låten vanlegvis blir framført med.  «Beat! Beat! Drums!» Her varta både Hülsmann og Bleckmann opp med interessante kor. Også arrangementet til Bleckmann på «Little Tin God» var eit høgdepunkt med ein fantastisk loop som innleiing. Nok eit høgdepunkt kom i «September Song» med ein finurleg slutt på speledåse.

Det blei eit fantastisk punktum på nok ei strålande utgåve av London Jazz Festival.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Ivo Neame, piano, Jasper Höiby, bass, Anton Eger, trommer, Julian Argüelles, arrangør og dirigent, Frankfurt Big Band.

Theo Bleckmann, vokal, Julia Hülsmann, piano, Tom Arthurs trompet, flygelhorn, Marc Muellbauer, bass, Heinrich Köbberling, trommer.

Skriv et svar