Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Spanande «Grenseskog»

OSAFESTIVALEN, VOSS, NORGE: Frode Haltli hadde fått oppdraget å laga tingingsverk til årets Osafestival. Verket hadde fått tittelen «Grenseskog», ein tittel som fortel noko om det musikalske landskapet han ferdast i, og tittelen skulle visa seg svært så dekkjande etterkvart som verket skrei fram. Haltli hadde skrive musikk for akkordeon, nøkkelharpe og to perkusjonistar. Musikken var også skriven for konsertlokalet, det åttekanta lågkyrkjelege forsamlingshuset Nain. Musikarane delte salen i to og nytta midtre del som scene. Håkon Stene stod på podiet og i andre enden av aksen stod Eirik Raude. I midten sat Haltli og Amper mot kvarandre. Verket blei framført heilt akustisk, ljosdesignet var sparsamt, men høveleg.

Det byrja med ein sekvens med dei to perkusjonistane på cymbalar først med køller så med bogar. Litt etter litt kom resten av ensemblet inn og dei gjekk over i noko som minte sterkt om ein svensk folkemelodi. Raude spelte på bassmarimba og Stene trakterte vibrafonen. Emilia Amper heldt temaet på nøkkelharpe, og Haltli sjølv varierte over temaet. Sekvensen varte ei god stund, og ein sat att med inntrykket at Haltli dreiv ein slags form for dekonstruksjon for å testa slitestyrken i musikken.

Musikarane bytte heile tida plass og vandra rundt i scenerommet og ved eit høve i publikumsarealet. Dei to perkusjonistane tok oss med i ein polyrytmisk seanse før ensemblet gjekk over til ein mørk ballade med eit umåteleg vakkert basspel av Haltli.

Ein vakker intro på vibrafon og feleboge tok oss på ny med inn i det folkemusikalske landskapet og dei fekk det til å rykkja lett i dansefoten. Kor vidt denne sekvensen hadde sine ad lib-parti eller Haltli har skrive ut alt, er ikkje godt å seia, og det same kan det vera. Vakkert og vitalt var det.

Konserten slutta med ein fri intro på nøkkelharpe som gjekk over i ein dialog mellom Amper og Haltli over ein sørgmodig sørgmodig stevtone medan dei to perkusjonistane akkompagnerte på glas. Då var me i tjukkaste «Grenseskogen».

Publikum kvitterte med ståande applaus, og det var vel fortent!

Frode Haltli akkordeon Emilia Amper nøkkelharpe Håkon Stene perkusjon Eirik Raude perkusjon

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar