Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Teksten drep musikken

NATTJAZZ, BERGEN, DAG 1: Under Nattjazz i 2012 framførte Bergen Big Band og Batagraf Jon Balke sitt verk «Obra Reflejante». Verket var ei musikalske solidaritetserklæring til dei mange som blei økonomiske flyktningar i kjølvatnet av finanskrisa i 2008 og den påfølgjande sparepolitikken. Verket knytte seg til den tragiske soga til den unge Sonja frå Spania som hadde tatt seg til Bergen for å søkja arbeid. Verket hadde ei biografisk tilknyting samstundes som verket var eit tidlaust handslag til alle undertrykte.

Gårsdagens framføring blei ein nedtur av sjeldan format. Alt kan tilskrivast ein tilnærma meiningslaus tekst. I frå å vera eit uttrykk fri frå ironi og sarkasmar med offerets synsvinkel, hadde Andrew Wale gjort det om til ein farse med ein moderne Bør Børson frå dei vestlandske kystbygdene i hovudrolla. Plotet er kort fortalt at direktøren for Bøyum Seafood er saman med kona, elskarinna/den personlege sekretæren (forkledd politi frå Økokrim), musikklæraren til son til Bøyum med det vanvitige namnet Vidar Abdullah og ein arbeidsrettleiar/NAV-konsulent er samla for å feira at forsamlingshuset i bygda har fått nytt PA-anlegg (eller er dei samla for å minnast familien til bror til Bøyum?) (Broren tok livet av seg og familien sin fordi dei hadde mista alt gjennom finanskrisa.)

Dialogen går fragmentarisk rundt tema som kunstens plass i samfunnet, velferdsstatens tryggingsnett kontra individets rett og plikt til å syta for seg og sine. Heile tida opplever ein slags ‘Fin de siècle-stemning’, «tilværelsens uutholdelige letthet». Settinga tek sikte på å skapa ein slags tida, staden og handlingas einskap ved å nøsta opp i ulike sider ved hovudpersonens liv både på den private og offentlege arena. Stykket blir også ein komedie i den opprinnelege tydinga av ordet når den personlege sekretæren avslører identiteten sin som Økokrim-etterforskar. M.a.o. stykket får ein lukkeleg slutt. Skurken blir arrestert og det oppsagte kommunale storbandet får attende instrumenta (og jobben?)
Det heile er ei slett blanding av sit com, revy og stand-up. Humoren er oftast av billegaste sort. Teksten fungerer som ein samanhengande prov på at den lokale kapitalisten og ordføraren er eit overflatisk og vondt menneske, men ingenting er truverdig. Hadde humoren i det minste hatt ein John Stewart’sk intelligens over seg….

Musikalsk er det motsett. Opninga er briljant. Rytmeseksjonen i Bergen Big Band og Batagraf er integrerte som om det var eitt ensemble, og Kjetil Møster spelar eit lengre kor der han fører ein samtale med seg sjølv. Finalen er endå meir fengande folkloristisk enn urframføringa i Korskirken for tre år sidan. (Eg lytta på opptaket frå den gong tidlegare i dag.) Det karakteristiske trompetriffet kjem endå betre til sin rett, og Ivar Kolve på maracas er med å styrkja dette inntrykket. Sjølv når musikken bøljar og duvar bak dei hjelpelause replikkane, kjenner ein at noko viktig blir teke i frå oss. Det offentlege vert skulda for overdriven konsulentbruk. Kor er konsulentane når ein treng dei?

Første kveld på Nattjazz blei avslutta i selskap med Thomas Strønen og hans prosjekt «Time Is A Blind Guide» (bilete). Tittelen på prosjektet er første setninga i romanen til canadiske Anne Michaels «Fugetive Pieces» som kom i 1997.

Romanen om den polske guten Jakob Beer som blei foreldrelaus under andre verdskrigen fann både prisar og blei bestseljar. Titlane på komposisjonane er i stor grad henta frå boka. Besetninga er strippa noko ned i høve til premieren på Nasjonale jazzscene i 2013, men Strønen har likevel teke vare på den sentrale ideen bak prosjektet, nemleg å ha fleire ensemblet i eitt. Dette var tydeleg under heile konserten. Eit av dei mest vellukka eksempla var komposisjonen «Pipa» (ei hylling til det kinesiske strengeinstrumentet). Her opptrer ensemble tredelt: Dei to perkusjonistane (Strønen og Steinar Mossige), bass og cello (Ole Morten Vågan og Lucy Railton) og fiolin og piano (Håkon Aase og Kit Downs – som på skakt og skjørt vis framfører temaet). Downs serverte i tillegg eit suverent kor.

Vågan fungerer som bindelekk og katalysator i bandet. Stundom er han mest som ei forlenging av perkusjonsgruppa medan han i andre samanhengar inngår i ein stryketrio. Musikken er melodiøs og rytmisk kompleks på ei og same tid. Strønen har henta inspirasjon frå afrikansk musikk. Det heile var ein 75 minuttar lang opptur. Det er all grunn til å sjå fram til den komande ECM-plata med forventning.

Tekst og foto: Lars Mossefinn

Skriv et svar