Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Tilbakelent virtuositet

Gamlekinoen, Voss

IPA høyrer ein altfor sjeldan. I veke 47 fekk ei handfull stader vitjing av denne spanande kvartetten. Voss stod sist på turnéruta, og kvartetten (Magnus Broo, trompet, Atle Nymo, tenorsaks, Torbjørn Zetterberg, bass og Håkon Mjåset Johansen, trommer) hadde invitert med den svenske vibrafonisten Matthias Ståhl for nett den eine jobben. Noko femte hjul på vogna var Ståhl aldri. Han var trass alt med dei på 2013-utgjevinga «Bubble». Zetterberg, som kom inn for Ingebrigt Håker Flaten, glei også fint inn i ensemblet.

Bandet opna med ein fersk Nymo-låt. Så fersk var låten at han ikkje hadde fått tittel. Kor frå Nymo, Ståhl og Broo kom på rekke og rad medan bandet var innom det vakre temaet i ulike tempi undervegs.

Neste ut var Broos «Sir William», ein låt som gav meg assosiasjonar til russiske komponistar på 1800 og 1900-talet. Denne låten avslører IPAs meisterskap. Soloane kom i same rekkefølgje som første låt, men her hadde dei tre kora svært ulik karakter. Nymo var ganske tema-nær medan Ståhl var stakkato og fragmentarisk. Broo på si side hadde ei særs fri tilnærming medan bandet var heilt nedpå. Zetterberg spelte ein lyrisk overgang til den elegiske «Bitter IPA».

Også «Ting», som ein finn på to platene av dei tre bandet har gjeve ut, har noko nærast kaleidoskopisk over seg.  Frå ein fri intro blei låten på kontrastfylt vis teken gjennom sine ulike deler. Heile bandet får sagt sitt, og  Mjåset Johansen sitt trommekor blir inndelt i sekvensar av ein spanskinspirert blåsefanfare. Det måtte bli ekstranummer, og ikkje spesielt overraskande blei det den vakre balladen «Bomerang».

Før IPA gjekk på scenen hadde musikarar frå Voss jazzskule, Nora Stegane, piano, Oda Steinkopf og Signe Førre, bass samt bandet Love, Peace and Swing imponert publikum med eit knippe standardlåtar. Mjåset Johansen sat inn med jentene (bilete). Noko å minnast for alle partar.

Tekst og foto: Lars Mssefinn