Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Tingingsverk for historiebøkene

OSAFESTIVALEN – DAG 2, LØRDAG 29. OKTOBER 2016: Eit tingingsverk for fire kvinnelege røyster og elektronikk med tittel «Ekvivaje» vil gå inn i festivalsoga som noko av det mest spanande som er levert, og komponisten er Hornindals store musikkdronning, Unni Løvlid.

Musikarane Løvlid hadde fått med seg, var dei to bulgarske vokalistane Gergana og Daniela Dimitrova, førstnemnde sopran og den andre ein skikkeleg mørk alt, og ein nordfjording til, Malin Alander. Ho har pop-bakgrunn og er elev av Løvlid på Noregs musikkhøgskule i Oslo.

Med eit slikt bulgarsk-norsk musikalsk møte, er det naturleg at vokaltradisjonar frå desse landa blir ein del av det Løvlid ynskjer å fortelja, men aldri ubearbeidd. Heile tida var det ei kreativ styrande hand tilstade, og vokaltradisjonen, til tider berre der som fragment, fekk heile tida bryna seg mot eit meir moderne tonespråk.

«Ekvivaje» er eit ord Løvlid har funne på. Ho vil gjerne at tilhøyraren gjev det innhald, og det var mykje i verket som trigga assosiasjonsevna. Likevel var det ein del tekst som gjerne kunne vore tilgjengeleg på trykk, men det kjem stunder etter dette, og dette tingingsverket vert ein ikkje ferdig med etter første møte.

Det var fascinerande å høyra korleis Løvlid arbeidde med kontrast og relieff. Det kunne vera to norske på toppen av to bulgarske eller omvendt. Soliststemma kunne gå som ein stafettpinne frå venstre mot høgre og attende. Elektronikkbruken til Løvlid var svært sparsam og elegant.

Konsertopplevinga blei løfta nokre hakk av ein særs god lyd- og ljosdesign. Løvlid solo gav oss «Vindsong» som ekstranummer. På det tidspunktet hadde eit samla publikum gjerne ete brødsmular frå handa til Løvlid.

Tekst: Lars Mossefinn

Foto: Knut Utler

Skriv et svar