Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Tingingsverk om tid og tog

OSA-festivalen, Voss: Ole Hamre er original. Folkofonen som konsept er langt i frå berre ein gimmick. Hamre har synt at han gjennom kopling og manipulering av lyd og bilete kan skapa overraskande assosiasjonar. Han er avhengig av å ha med seg rette typen musikarar. I Gamlekinoen på Voss i går hadde Ole Hamre det.

Hamre hadde med seg Bugge Wesseltoft, tangentinstrument, Jan Bang, sampling og elektronikk, Erlend Viken, fele, oktavfele og hardingfele og Anders Bratlie, trommer, perkusjon og vokal. Sjølv trakterte komponisten trommer, gryter, marimba og nemnde folkofon.

Musikken til Hamre byggjer i stor grad på eit sett av groovar som avløyser eller glir over i kvarandre. Ofte er det slik at ein mollakkord fungerer som eit brot og varslar retningsforandring i musikken. Oppå goovane kan Hamre leggja ei melodistemme, ein folketone, ein salme eller rett og slett noko han har laga sjølv. Utgangspunktet for groovane er ein kort filmsnutt som dannar rytmemønsteret.

Tittelen på verket er «For tiden» eller «Fortiden». Slik verket til slutt blei, hadde nok komponisten livssyklusen i tankane då han forma verket. Innleiingsvis plasserte han verket i rom med å la ei rekkje meir eller mindre kjent vossingar syngja VOSS i ein lang tone. Desse dukkar opp på storskjermen ein etter ein eller fleire på same tid. For ytterlegare å slå fast at det er på Voss ein er, viser Hamre oss vindtunellen og den jamne, djupe duren frå viftene ligg under det musikalske forløpet. Voss bryggeri blir også vitja. Her er det klirringa frå eit lass med tomflasker som gjev musikalsk råmateriale. Omsider hamnar me på Voss stasjon, og der blir me verande det meste av konserten – heldigvis!

Hamres variant av «Mens vi venter på Godot» er «Mens vi venter på at tog skal gå». Her ventar me på at tog skal koma eller gå, og den store stjerna blir etterkvart den kvinnelege stasjonsbetjenten som seier «Tog til Bergen frå spor nummer 1» og ikkje minst showstopparen «Car number 1 will be in the back». I sistnemnde møter brott Voss stasjon busstasjonen i Cape Town og vår stasjonsbetjent innleier ein call – response med dei som ropar ut rutetidene på nemnde busstasjon. Eit sant svir av ein sekvens.

Hamre følgjer opp med ein groove på munnharpe. Så tek han det heilt ned. Me er i husværet hjå Magne Myhra, og han les sitt eige dikt «Arv». Omsider kjem ein til verselinjene «Du/som sa: Rettferd/er ikkje/men eit mål/ å arbeida mot» og Hamre lagar ein groove av dei to siste verselinjene. Myhra avsluttar diktet: «Du/ no borte/men nær/i min klårleik». Lyrikaren, som heile tida her sett fast inn i kameraet, vender blikket bort og han kjem ut av fokus. Her spelar Bugge ein kort solo (20 sekund kanskje?). Pur magi. Sekvensen blir avslutta med ein einsleg sart tone frå pianoet. Her skulle verket ha slutta. Me skulle ha vore i den modusen som bandet og Magne Myhra skapte, men det gode mennesket frå Nordnes (bydel i Bergen) vil alltid alle vel og knipsar med fingrane og får oss ut av transen og inn i dansen. Ein siste runde med dei aller eldste og aller yngste som alle på sitt rustikke vis syn aaaaaaa av full hals. Så glad er Hamre i publikum at han serverte ekstranummer som takk for ståande applaus.

Den ståande applausen var vel fortent. Ikkje alt fungerer like godt. Film er eit sterkt medium, og eit ekspresstog som på veg til Bergen rullar inn og stoppar ved Voss stasjon kan vera ein effekt som triggar bandet, men blir repetisjonane for mange hemmar dei. Salmesekvensen der Hamre tek i bruk «verdens styggeste melodika» kunne med fordel ha vore redigert vekk. Eg forstår Hamre sin tanke med verkets siste sekvens. Ringen blei med han slutta, men me skulle ha fått lov å vera i kontemplasjonen etter Myhra og Bugge.

Å seia noko som ikkje allereie er sagt om Bang og Bugge krev sin mann. Ein kan berre slå fast at med desse to på laget må det bli bra. Erlend Viken gjekk også fint inn i ensemblet med bokstavleg tala mange strengar å spela på. Den sterkaste positive overraskinga stod trommeslagar/perkusjonist Anders Bratlie for. Kanskje fordi eg ikkje har følgt godt nok med i timen, men han leverte eit tvers gjennom lydhøyrt spel og song i beste Arto Tuncboyaciyan-stil. Tøft!

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Lars Finborud

Skriv et svar