Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Variert og varierande opning

VOSSA JAZZ, DAG 1, 7. APRIL 2017: Usannsynleg vakkert med Krog og Surman og fullt øs med både Bogue Chitto og Pasborg/Storløkken. Tre slike høgdepunkt på ein dag er ein ganske bra score, men det byrja ikkje like bra …

Vossa Jazz-opninga er som den brukar å vera. Dvs. at den bunadskledde Jon Skjerdal glimra med fråværet sitt, og det er også litt spesielt at ein byrjar med reklameinnslaget. Det er første gong eg verkeleg har lytta til teksten Liv Osa framfører, og det er ikkje tvil. Den teksten er så klisjéfylt at han kan seljast til TV2 eller VG-sporten. Indrehus og Styve var som alltid glimrande på «Heime på steinane»

Erlend O. Nødtvedt opna Vossa Jazz med Ljøsnahallingen som han tilfeldig hadde råka på i Arne Bjørndals samlingar. Diktet han framført var like manande og suggererande som ein halling. Dette kvalifiserer til pallplass blant festivalopningar!

Komponisten og vokalisten Busi Ncube kjem frå Zimbabwe og er busett i Oslo. Vossa Jazz har samarbeidd med Global Oslo Music om dette prosjektet, og urframføringa var opningskonserten på Vossa Jazz. Eit godt stykke ut i konserten vende Ncube seg til gitaristen Dag Pierre og spurte kva neste låt heitte. Då fekk eg stadfesta det eg hadde hatt inntrykk av heile tida. Her var både tinginga og leveransen uklar. (Låten heitte elles Tulla Africa ev. Zulla Africa). Det heitte i programmet at dette skulle vera ein syklus i sju deler, men kva tematikk som batt dei sju delane saman blei eit mysterium konserten ut.

Ncube er ein fin vokalist med sikker formsans på alle plan. Ho er avgjort ein interessant artist. Konserten var sett saman av ei mengd ulike musikkstilar som folkemusikk frå Zimbabwe og Sør-Afrika, reggae og melodiøs jazzrock. Arrangementa fungerte i varierande grad. Det var aldri snakk om å binda saman dei ulike låtane, og det var uråd å oppdaga ein raud tråd.

Det som gjorde dette til ei rimeleg hyggeleg oppleving likevel, var Ncube og dei tre andre vokalistane. Dei dansa iherdig heile vegen og fekk publikum med. Innimellom groova det skikkeleg takk vera dei kvinnelege frontfigurane og eit stødig komp sett saman av gitar, bass og trommer.

Litt seinare på kvelden i ein meir uformell setting kunne dette ha fungert heilt utmerka. Som opningskonsert heldt det ikkje mål.

I fjor kom Karin Krog og John Surman med plata «Infinite Paths». Mykje av repertoaret på konserten var henta frå denne plata. I tillegg hadde dei med eit par Ellington-låtar («In A Sentimental Mood» og «Creole Love Call»). I sistnemnde kopierte Krog Adelaide Halls ‘plunger mute-vokal i innspelinga med Ellington frå 1927.

Duoen hadde også ein folkemusikkavdeling som byrja med ein bånsull, etterfølgt av ein lokk frå Østerdalen og ein halling med eit opphav eg ikkje fekk med meg.

Den store oppturen blei likevel låten «Wild Bird» som paret har komponert i lag og «Mother of Light» med tekst av Sri Aurobindo og musikk av Karin Krog. Særleg i den førstnemnde var framføringa magisk. Lydsporet som ligg i bakgrunnen fungerer perfekt, og Krog trollbitt oss med den velkjende sakte vibratoen i det nedre registeret.

Dei avslutta konserten med ein avdeling som hylla Billie Holiday. Eg fekk med meg «My Man» (med Surman på piano) og «God Bless The Child» før eg skunda av garde til Café Stationen og Bogue Chitto.

Konserten blei ein triumf for trioen som nyleg skifta namn og som gav ut plate den dagen. Dei tre musikarane Marius Klovning på gitar, Mattis Kleppen på bass og Are Rosseland på trommer var i storform, og Klovning og Kleppen avløyste kvarandre med den eine inspirerte soloen etter den andre. Rosseland er ein meister i å groova på intenst New Orleans-vis, men likevel flink halda ting saman når Klovning og Kleppen tek fullstendig av.

Dei spelte både frå debutplata Nett ein liten joggetur og den nye Red’s Lounge, og eit talrikt publikum gav trioen velfortent respons.

Nokon som også fekk respons frå publikum, var duoen Stefan Pasborg (trommer) og Ståle Storløkken (Hammondorgel og andre tangentinstrument). Diverre fekk eg berre med meg dei tre siste låtane, ein Pasborg-original, den gamle Veslefrekk-travaren «Vann over hodet» og Jagger og Richards «Paint It Black». Etter sistnemnde ville ikkje publikum gje slepp, og om dei fekk løn for strev, veit eg ikkje, for då var eg ute i Vossanatta på veg til Magasinet på Tvildemoen for å skriva desse linjene.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie

 

Skriv et svar