Konserter

Ymist ljod frå Brunborg

TORE BRUNBORG YM QUARTET: Victoria – Nasjonal jazzscene, Oslo 29. januar 2015

Tore Brunborgs tingingsverk til den førtiande Vossa Jazz-festivalen kalla han `Ym. Då det vart urframførd på Vossevangen under jubileet i 2013 var det med Terje Nesthus’ video- og Sveinung Iversens biletkunst og med tekstar av Dag Helleve.

Torsdagskvelden 29. januar 2015 var det berre `Ym-kvartetten, Tore Brunborg på klaver og saksofon, Eivind Aarset på gitar og elektronikk, Steinar Raknes på bass og Per Oddvar Johansen på trommer, som sto på scena på Victoria. Men vi savna ikkje dei andre. Det vart ein heidundrande kveld som sto i teiknet åt den tiltalande, medrivande og songbart opne musikken. Skrive ned av vossingen Tore Brunborg og fortolka av ein kvartett på eit særs høgt nivå.

Då `Ym vart spela på Vossa Jazz fekk Brunborg samstundes Buddy-prisen, Noregs høgste utmerking til ein jazzmusikar. Noregs jazzforums styre sa i si grunngjeving at han «…er en musiker som aldri setter seg selv i fokus. Han er en musiker som dyrker sin kunst og samspillet med andre musikere, og som [alltid] har markert seg som en ytterst fokusert og seriøs utøver».  Somme stunder kan det verke som Brunborg trekk seg vekk frå det sceneljoset som søkjer etter han. Men like ofte syner musikken hans at ljoskastarens leit etter Brunborg er vel fortent. Det er eit glitrande verk Brunborg har skrive, med musikk som ikkje berre medmusikantane hans syner at dei trivst med – dei strålar av glede over å vere del av musikken.

Steinar Raknes følgjer dit musikken vil, med stor energi pushar han den vidare framover og opnar nye rom for dei andre. Brunborg_ANN0868Per Oddvar Johansens trommespel er eit univers av lyd i seg sjølv – som ikkje berre visar tyngda i musikken, men som òg syner kvifor trommespel vart sett på som å vere magisk og heilande. Eivind Aarset er på plass med eit gitarspel det er lengje sidan vi har høyrd frå hans side. Vi får hans opne klangflatar, men òg eit gitarspel som kler musikken slik ein hatt kler ein velkledd mann. Og over det heile, spelemannen og komponisten Tore Brunborg.

Musikken har eit særs samansett uttrykk – til tider er vi langt over i metallrock, medan Eivind Aarsets gitar nokre minutt føre gav oss klåre assosiasjonar i retning av Mark Knopfler. Ikkje lengje etter bles Tore Brunborg i gang med ei låt så tett med kvarttone-liner, men likevel så moderne, at det ikkje kan verte kalla noko anna enn ei moderne norsk folketone. Samstundes er materialet så samansett, med inspirasjoner frå over alt.

Det er dette intrykket som står sterkast att. Det er ikkje norsk, men det er heller ikkje verdsmusikk, det er ikkje gamalt, og det er ikkje moderne. Det er ikkje tradisjonelt, men er definitivt ikkje tradisjonslaust. Det er alt og det er ingjenting av dette.

I det heile – dette var stort! Eg var på førehand noko bekymra for at eg kunne øydeleggje inntrykket frå framsyninga på Voss for to år sia. Men det var det ingen fare for. Eg var i ei heilt anna verd denne kvelden i 2015, enn den verda eg hugsar frå 2013. Tore Brunborg har levert eit verk som garantert vil stå seg. Eit verk som vi vil høyre meir frå. Om att og om att.

Rykta seier at ei  plate er på veg. Mi gler uss! Men ei plate kan ikkje kome i staden for ei levande framsyning. Om du ser dei i nabolaget ditt – grip sjansen!

Tittelen på verket har gjort meg nyfiken. I Ivar Aasens Norsk Ordbog frå 1873 er «ein ym» – eller «øm» som det heiter i Telemark – ein (særs) svak lyd, ikkje overraskande er det relatert til det gamalnorske omgrepet ømta – å mumle eller ymte. Med det heng det i hop med det gamalnorske ordet «om» – attljod eller svak ljod. I Vest-Telemark sa dei frå gamalt at «eg øma på noko» når dei lydde etter eitkvart langt burte frå.

I fylgje teksta frå Vossa Jazz i 2013 tyder `ym på vossamaol ei lyd langt borte frå, og at det er det som var inspirasjonen til Brunborg, å få fram mange røyster frå ulike kunstartar. Set vi dette i saman med kva Ivar Aasen skriv, peikar prosjektets tittel på at det ikkje berre var svake lydar, og at dei var attarljodar langt burte i frå, men òg at vi som tilhøyrarar må lyde godt etter for å høyre dei.

Eg øma på `ymane frå han Brunborgs slåttar – og det let særs godt!

Tekst: Johan Hauknes

Foto: Francesco Saggio