Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Julegavetips del 7

salt peanuts* føler sitt store samfunnsansvar og hjelper deg med å velge musikk (på CD eller vinyl) i gave til de som har alt fra før. Våre medarbeidere har satt opp hver sin liste over plater man mener bør finnes i ethvert møblert hjem, og vi deler gladelig i bunkene med gullplater på øverste hylle.

Her følger hva vår skribent Lars Mossefinn har valgt ut:

Miles Davis: «The Cellar Door Sessions 1970» (Columbia/Legacy)

Ein møbelert heim bør ha eit knippe Miles Davis-innspelingar. Underteikna har sine favorittar som vil gjera ei kvar platesamling meir kredibel. Ved joleleitet 2014 vil eg slå eit slag for «The Cellar Door Sessions 1970». Dette er Keith Jarrett i Miles-teneste på sitt aller beste. Fender Rhodes har aldri kome betre til sin rett. Opptaka er henta frå ein fire dagers jobb Miles Davis gjorde på Washington-klubben Cellardoor i dagane 16. – 19. desember. Innspelinga frå laurdagen er tidlegare utgjeve på plata «Live-Evil», men det er musikken dei andre dagane som gjer plata til eit must. På dei seks CDane finn ein m.a. fire improvisasjonar av Jarrett.

 

Keith Jarrett: «The Mourning of A Star» (Atlantic)

Neste val er ein lite påakta skatt som eg kom i tankar om då eg fekk «Live in Hamburg 72» i hende. Trioen Jarrett, Haden og Motian stod også bak «Mourning of A Star» (1972). Denne trioen pluss Dewey Redman utgjorde Jarretts amerikanske kvartett. Innspelingane til denne kvartetten på Impuls er mange og inn i mellom glimrande. Trioplata «Mourning of A Star» er ei perle der tre leikande musikarar sjongelerer med sjangrar og uttrykksformer. Jarrett har komponert ti av elleve låtar. Den ellevte er ein kort, men vakker tolking av Joni Mitchells «All I Want».

 

Dave Holland Quartet: «Conference of The Birds» (ECM)

Eg er i det lyriske hjørnet no knappe to veker før jol. Dave Holland har bak seg Trine-posen full av gode utgjevingar. Likevel har eg ikkje vanskar med å plukka min favoritt, «Conference of The Birds» frå 1973. Ganske sikkert inspirert av eit sentralt persiske diktverk av Farid ud din Attar med same tittel. Dette er frijazz for folket. Holland gjev medmusikantane, Sam Rivers, Anthony Braxton og Barry Altschul rikt med spelerom. Tittellåten er musikalsk meditasjon på sitt ypperste med elegant marimbaspel av Altschul.

 

Don Cherry: «Relativity Suite» (Jazz Composer’s Orchestra Records)

1973 var eit godt jazzår for også «Relativity Suite» kom ut då, nærare bestemt 14. februar. Kanskje ikkje så gjennomført som «Eternal Rhythm», men «Relativity Suite» inneheld nokre glansnummer – «Tantra», «Mali Doussn’gouni» og «Desireless». Dei tre kjem etter kvarandre i opninga på plata. Avslutningsnummeret «March Of The Hobbits» burde vera aktuell i desse dagar, og trommespelet til Ed Blackwell på denne låta blir ein aldri lei av.

 

Music for A While: «Canticles of Winter» (Grappa)

Music for A While (Tora Augestad, Stian Carstensen, Mattias Eick og Martin Taxt) har laga den ultimate joleplata utan å inkludera dei mest spelte songane. Plata liknar på forgjengaren «Graces That Refrain» i den forstand at repertoaret består av eit knippe ‘coverlåtar’ av det utsøkte slaget, men her er utvalet tematisk ordna rundt jola og vinteren, om enn med eit par unnatak. Fantastiske arr, supert band og ein vokalist med ei guddommeleg vakker røyst.

Skriv et svar