Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Innlegg

Olav Dale til minne

Olav Dale (55) er gått bort og med det har norsk jazz mista ein av sine mest markante profilar. Han hadde eit lidenskapleg tilhøve til musikken, men eit ujålete tilhøve til kunstnarrollen. Denne kombinasjonen gjorde han til ein genial formidlar i ein kvar samanheng. Arbeidskapasiteten hans var vidgjeten. Han stilte krav til medarbeidarane sine, men strengaste krava stilte han likevel til seg sjølv. Humøret til Olav var usliteleg. Smilet og den gode replikken var aldri langt unna.

Olav Dale vaks opp på garden Dale på Dalsleitet i Voss kommune. Allereie som 15-åring spelte han på den første Vossa Jazz som medlem i Voss storband. Han hadde eit inspirerande år på Voss folkehøgskule med Per Indrehus som musikklærar. Seinare gjekk vegen til Toneheim folkehøgskule. Her gjekk det i musikk døgeret rundt, men det var også her han møtte den som skulle bli han livs store kjærleik gjennom 35 år, Karin Gjelsten.

Året etter Toneheim var Olav gardist. Etter dette byrja ei mangslungen frilanskarriere med base i Bergen. På slutten av 70-talet hadde han ein eigen kvartett som m.a. spelte på Vossa Jazz i 1979. Deretter var han med i Steam og det segnomsuste bandet Ny Bris. Eit band som fekk æra av å spela inn den andre plata på Norsk jazzforbunds etikett Odin. Son Mu var eit anna kultband innan Bergensjazzen som Olav var eit profilert medlem av. Dette representerte også ein tidleg fase i samarbeidet mellom Olav og Knut Kristiansen (KK).

Seinare på 80-talet var Olav med i Chippie, Kick og Bergen Blues Band. Han hadde også gode kontaktar i Oslo-miljøet og på slutten av 80-talet var han med i Lille Frøen saksofonkvartett, E’Olen og Oslo 13. Han figurerer på sistenemnde si utgjeving Off Balance. Eit av dei viktigaste prosjekta for Olav i denne perioden var bandet Hot Cargo. Bandet gav ut plate med same namn i 1992.

I tillegg til eigne band og prosjekt var han med i Knut Kristiansen sine prosjekt Gambian/Norwegian Friendship Orchestra (1982) og Monk Memorial, på plate som Monk’s Mood. I ein kort periode på 80-talet samarbeidde han også med den tyske bassisten Ali Haurand og den engelske trommeslagaren Tony Oxley. Samarbeidet med Dag Arnesen har i tillegg til Ny Bris også omfatta Olav sin medverknad i Arnesen sin kvintett (Rusler rundt Grieg) og 13-tet.

I 1995 danna han på ny ein kvartett med Arnesen på piano, Sebastian Dubé på bass og Frank Jakobsen på trommer. Året etter gav dei ut Little Waltz på NORCD. To år seinare medverka Olav på Didrik Ingvaldsen si utgjeving History & Movement. Etter hundreårskiftet har kvartetten til Olav fått ny besetning. Erik Halvorsen har kome inn på tangentar, Torbjørn Hillesøy på bass og Stein Inge Brækhus på trommer. I 2005 gav kvartetten ut Dabrahahi, og i fjor kom Dabrahahi Again. Sjølv om kvartetten hadde hovudprioritet blant dei mindre ensembla han var med i fann han også tid til å jobba den gode venen og samarbeidspartnaren bassisten Yngve Moe i Olav Dale kvintett og Groovy. Olav har sett spor etter seg på plate i samarbeid med m.a. Per Indrehus (Tid å hausta inn), Kenneth Sivertsen (Den lilla kvelven og Draumespor), Ivar Kolve trio (View from My Room)og Berit Opheim (Song, trø lett på hjarta mitt)

Olav Dale er ein av musikarane Rikskonsertane har nytta mest. Han har turnert landet vårt på kryss og tvers tallause gonger. I tillegg har han vore på turné i India og Kina med kvartetten sin. På desse Rikskonsertturneane har Olav operert i mange ulike konstellasjonar, men flest jobbar har han truleg gjort med gitaristen Arild Seim og bassisten Rolf Prestø. Å vera på skulekonsert med Olav Dale var aldri keisamt!

Olav Dale var ein gudgjeven formidlar og dei pedagogiske evnene var fullt på høgd. Kor mange kurs/seminar han har leia eller undervist på, er det ikkje tal på. I tillegg hadde han i periodar undervising både på Lærarhøgskulen i Bergen og Griegakademiet samt folkehøgskulane på Voss og Manger.

Olav Dale sa ofte om seg sjølv at han var bruksmusikar. Han var aldri sjølvhøgtidleg. Spelte han underhaldningsmusikk, så vart dette alltid utført med yrkesstoltheit. Mang ein laurdagskveld har Karin og dei to gutane Øivind og Trond vore nøydd til å dela familiefaren med hundretusenvis av fjernsynssjåarar. Olav var eit solid ankerfeste i orkestergrava. Det er godt forståeleg og vel fortent at han fekk Rolf Gammeleng-prisen i 1991 for arbeidet sitt som studiomusikar.

olav

Sjølv om Olav har spelt på dei fleste scenar her i landet og mange utanlands i tillegg, har Vossa Jazz hatt ein spesiell plass hjå Olav. Tilhøvet har vore gjensidig, og Olav blei også den første vinnaren då Vossa Jazz-prisen blei innstifta i 1988. Ein kan telja på ei hand dei Vossa Jazz-festivalane Olav ikkje har delteke på som utøvande musikar. Å laga ei 10 på topp-liste over Olav Dale-konsertar på Vossa Jazz er i ein forstand lett – her er så mange å velja i, men samstundes vanskeleg – kva skal ein velja? Ny Bris, Son Mu (i samarbeid med Paquito D’Rivera), Kick og Hot Cargo bør med, men eg hugsar med stor glede dei to prosjekta Philip Catherine, Olav Dale, Dag Arnesen, Lars Danielsson, David Sundby i 1989 og Olav Dale kvartett med Bennie Wallace ni år seinare. Elles er det i dei 15 siste åra arbeidet med Bergen Big Band som i første rekke har prega relasjonen mellom Vossa Jazz og Olav.

Olav Dale har hatt ein mangslungen karriere, men eg trur at han ville vore samd i at kapitlet som heiter Bergen Big Band var viktigast for han. Olav var ein av dei som reiste bandet frå ruinane av Bergen Band som hadde si stordomstid tidleg på 80-talet. Olav gjorde på vegne av Bergen Big Band ein avtale med Nattjazz og Vossa Jazz om at festivalane i ein treårsperiode skulle programmera eit prosjekt kvar kvart år som involverte storbandet. Tre år blei til 15 og alt er no kjend historie. Gjennom mi tid i Vossa Jazz og seinare Vestnorsk jazzsenter fekk eg høve til å jobba tett med Olav. Bergen Big Band har hatt mange gode hjelparar ikkje minst ei stabil stamme lojale og gode musikarar, men ingen vil underkjenna det faktumet at Bergen Big Band er Olav Dale sitt verk.

Gjennom målretta jobbing som orkesterleiar og administrativ krumtapp har Olav bygd opp Bergen Big Band (BBB) til eit storband på internasjonalt nivå. Lista over prosjekt og samarbeidande musikarar er lang – Phil Woods, Paquito D’Rivera, Joe Henderson, Maria Schneider, Diana Krall, Sissel Kyrkjebø, Andy Sheppard, Martial Solal, Mathias Rüegg, Gianluigi Trovesi, Mathias Eick, Ole Kock Hansen, Etta Cameron, Karin Krog, John Surman, Dino Saluzzi, Gustavo Bergalli, Berit Opeim, Jan Magne Førde, The Core, Vidar Johansen, Ab und Zu, Knut Kristiansen og Lars Jansson. Konserten med sistnemnde og BBB på Vossa Jazz 2014 var eit av høgdepunkta på festivalen.

Ein viktig milepæl for bandet var tingingsverket Crime Scene av Terje Rypdal. Verket blei utgjeve på ECM og er framført meir enn eit dusin gonger på festivalar i inn- og utland. Spesielt godt hugsar eg framføringane på jazzfestivalane i Saalfelden og Montreal. Arbeidet med Crime Scene skapte eit spesielt forhold mellom Terje Rypdal og Olav. Båe var jordnære typar som hadde gjensidig respekt for kvarandres store kunnskap om musikk. Båe hadde sans for humor og båe var oppkomer av sannsoger frå norsk musikkliv. Eg ser attende på stundene saman med Olav, Terje, Paolo, Ståle, Palle og resten av BBB-gjengen med stor glede og takksemd.

I november 2011 urframførte BBB tingingsverket Another Sky av John Surman på festivalen Parma frontiere i Parma, Italia. I oktober i fjor blei verket spelt inn, og plata kom ut for ein par månader sidan. Kritikkane har vore strålande. Den 15. november skal verket framførast på London Jazz Festival som lekk i feiringa av John Surmans 70-årsdag. Dette er andre gong BBB spelar på denne festivalen. Lagnaden vil det slik at Ivar Kolve ikkje har høve til å spela i London, og vikaren på vibrafon/marimba er sonen, Trond Dale.

Norsk musikkliv er fattigare utan Olav, og eg og mange med meg har mista ein god ven. Tankane mine går til dei som har lidd det tyngste tapet, Karin, Øyvind, Trond og resten av familien. Fred over minnet til Olav Dale.

Tekst: Lars Mossefinn

(resten av redaksjonen i salt peanuts* stiller seg ærbødig bak Mossefinns fine ord om en strålende musiker og venn).

2 Responses to “Olav Dale til minne”

  1. Bjørn Sandnes

    At Olav Dale er gått bort er ikke til å forstå. Jeg hadde gleden av å spille med han i bandet Voss Horn for snart ti år siden, og i Voss Storband. En gjeng med amatører fra Voss ville gjerne spille med profesjonelle, og vi satte sammen bandet Voss Horn, der Olav var saksofonisten i ei fem manns blåserekke i bandet. Han hadde en enestående evne til å løfte oss amatører til et nivå vi ikke visste vi kunne nå. Hans musikalitet, humor og formidlingsevne viste han til fulle både der, og senere som mentor og instruktør i Voss Storband. Å ha fått lov å spille med Olav, er et minne jeg vil bære med meg resten av livet. Tankene går nå til familien. Hvil i fred.

    Svar
  2. Roy Ervin Solstad

    Jeg har vært på en del morsomme nachspiel i mitt liv, men en av de aller største opplevelsene var da saksofonist Olav Dale dukket opp på studentheimen i Sogndal en gang på begynnelsen av 90-tallet med saksofonen sin og begynte å fortelle fra den delen av Asbjørnsen & Moe sine eventyr som minst har 18-årsgrense. Dale fortalte de erotiske eventyrene og tonesatte det hele med saksofonen sin. Det var improvisasjon av høy klasse, ditto standup-komikk og kulturformidling av en annen verden. Så når jeg i dag leser at Dale er gått bort bare 55 år gammel, er det nettopp slik jeg husker ham, som en strålende formidler av norsk kultur og en gnistrende god musiker. Takk for opplevelsen, Olav, og hvil i fred.

    Svar

Skriv et svar