Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

ANDREW McCORMACK

«First Light»
EDITION EDN1052

Den engelske pianisten Andrew McCormack har gjort som landsmannen og pianist-kollega John Escreet og flytta til Brooklyn. Med dette som base er han aktuell med trioplata «First Light». Åtte låtar er signert McCormack. I tillegg har han gjeve seg i kast med Monks «Pannonica», noko trioen kjem rimeleg vel ifrå.

McCormack er sikkert best kjent som pianisten til Kyle Eastwood, men plater i eige namn har den 36 år gamle engelskmannen laga sidan 2007, og i 2010 og 2011 kom to duoplater i samarbeid med saksofonisten Jason Yarde. Han har også jobba saman med Eric Alexander og Jean Toussant.

Stilistisk høyrer McCormack heime i ein post-boptradisjon. I tittellåten er referansane til Bill Evans sterke både i det kompositoriske og pianistiske, men ein svært vakker låt er det. I dei øvrige låtane leikar han med ulike sjangarar og inspirasjonskjelder, men han har ein hang til breaks og rytmiske skifte i det han skriv. I dei raske låtane er påverknaden frå McCoy Tyner tydeleg – i båe nevar, men McCormack gjer det likevel til sitt eige. Lober og Stranahan er først og fremst lojalt komp, men Lober slepper til ved nokre høve. Sjølv om McCormack sit i førarsetet så det held, burde dei to andre vore tydlegare eksponerte på omslaget. Ein må verkeleg nærlesa omslaget for å finna kven som spelar bass og trommer. Det held ikkje. Elles er møtet med McCormack triveleg.

Lars Mossefinn

Andrew McCormack (p), Zack Lober (b), Colin Stranahan (dr)

Skriv et svar