På skive

ANDY SHEPPARD QUARTET

«Romaria»
ECM 2577

I april i fjor var Sheppard med kvartetten sin i Auditorio Stelio Molo RSI i Lugano for å laga oppfølgjaren til «Surrounded by Sea» (ECM, 2015). Sju eigenkomponerte låtar samt tittelkuttet «Romaria» utgjer denne plata. Tittelkuttet er elles skriven av den brasilianske visekunstnaren og låtskrivaren Renato Teixeira. «Romaria», som Teixeira skreiv på 70-talet, er spelt inn av så pass ulike artistar som Elis Regina og Richard Clayderman.

Komposisjonane til Sheppard er melodiøse, og dei fleste har eit vemodig drag. Dette vemodet blir sterkt understreka av den heilt sentrale rollen Eivind Aarset har i forminga av lydbilete. Aarset skapar gjennom klangfargar og melodiske fragment eit bakteppe for Sheppards improvisasjon. På låten «They Came from The North» serverer Aarset eit riff som gjer at tankane uvegerleg dreg seg mot Miles Davis «It’s about That Time».

Aarset sin rolle gjer at Michel Benita og Sebastian Rochford får ein fin fleksibilitet til å skapa eit polyrytmisk underlag som kan strammast til eller løysast opp i. Dei utnyttar også dynamikken på elegant vis.

Sheppard sin karakteristisk tone på båe horna og det til tider rapsodiske spelet hans kjem så til dei grader til sin rett i dette klanglandskapet. Uttrykket er svært neddempa heile vegen utan at det tippar over til det innovervende. Dette er Sheppard på sitt mest ettertenksame. Det er lett – og behageleg – å falla i stavar.

Lars Mossefinn
Andy Sheppard (ts, ss), Eivind Aarset (g), Michel Benita (b) og Sebastian Rochford (dr)