Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

ANDY SHEPPARD

«Surrounded by Sea»
ECM 2432

Andy Sheppard har fått med seg Eivind Aarset att. Han bidrog på substansielt vis på 2008-utgjevinga til Sheppard «Movements in Colour». I mellomtida har trioen Sheppard, Benita og Rochford vore ute med «Trio Libero». Låtane på denne plata er skrivne av medlemmene i bandet (unnateke Aarset) med Sheppard som flittigaste bidragsytar. Dei har også funne plass til den vakre Elvis Costello-balladen «I Want to Vanish». Som ein raud tråd gjennom innspelinga går den skotsk-gæliske (Gàidhlig) tradisjonelle «Aoidh, Na Dean Cadal Idir» som ein finn i tre variasjonar. Låten var med på den prisløna plata til Julie Fowlis «Cuilidh» (2007).

Sjølv om Aarset ofte er diskret tilstades, så set han så avgjort sitt stempel på utgjevinga med sine abstrakte klanglege bakteppe.

Det er nesten noko 80-tals Garbarek’sk over opningslåta «Tipping Point». Sheppard held tilbake. Der han tidlegare ville vore meir ekspressiv er han no vár og til tider kjøleg avmålt, men den velkjente lyriske og melodiøse Sheppard dukkar opp i nemnde Costello-låt. Melodiøst er det på Frisell’sk vis i «Looking for Ornette», ei strålande hylling til den gamle meisteren. Likevel er det «Aoidh, Na Dean Cadal Idir» i sine tre variantar som pregar stemninga på plata med ei høgst spesiell melodilinje og ein lagnadstung grunnstemning i alle tre versjonane. Nok ei viktig innspeling av Sheppard & co.

Lars Mossefinn

Andy Sheppard (ts, ss), Eivind Aarset (g), Michel Benita (b), og Sebastian Rochford (dr)

One Response to “ANDY SHEPPARD”

  1. Dagfinn Nordbø

    skal skaffes!

    Svar

Skriv et svar