Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

BENOIT DELBECQ 3

«Ink»
CLEAN FEED CF340CD

Pianotrioar er det nøgda av innan moderne improvisert musikk, men trioen til den franske pianisten Benoit Delbecq har ein spesiell plass i dette landskapet. Det er få om nokon som skapar så interessant musikk innanfor dette endevendte formatet som Delbecq, og trass i ein stringens og transparens er det rom for improvisatoriske oasar i musikken til denne samspelte trioen.

Inspirasjon hentar Delbecq frå mange kontinent og tradisjonar. Ligeti, Lacy og Ellington svevar alle over vatna, men i det rytmiske kan ein også registrera at Delbecq har høyrt på afrikansk musikk. Kvar komposisjon har ein distinkt eigenart og arrangementa er forma med utsøkt sans for detaljar. Å skapa organisk musikk der det improviserte elementet finn ein naturleg, om enn ikkje dominerande, plass, er utruleg krevjande.

På ei så gjennomført plate som denne er det ikkje lett å finna klare favorittar. Det blir mest slik at det kuttet ein høyrde sist, er det ein likar best, men det er noko fengjande (på grensa til det hypnotiske) i opningssporet «Le ruisseau» (som er tileigna Delbecqs tidlegare og no avlidne bassist Jean-Jacques Avenel). Det komplekse rytmiske forløpet i møtet med Delbecqs fragmentariske pianoimprovisasjonar skapar spaning på fleire plan. Også den mangefasetterte «Ronchamp» imponerer stadig meir. Her demonstrerer Delbecq kva eminent teknikar han er. Ein av favorittane mine frå plateåret 2015!

Lars Mossefinn

Benoit Delbecq (p), Miles Perkin (b), Emile Biayenda (dr, perc)

Skriv et svar