Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

BOBO STENSON TRIO

«Contra La Indecisión»
ECM 2517

Gå aldri glipp av ein konsert med Bobo Stenson Trio og kjøp alle platene. Denne trioen leverer alltid. Det er ikkje kvart år denne trioen kjem med plate, og Stenson har i ein periode på 47 år berre gjeve ut åtte plater i eige namn på ECM (om ein ikkje reknar med Garbarek-platene). «Indicum» kom i 2012. Maksimen tykkjest å vera at ein gjev ut noko når ein har noko nytt/interessant å melda.

Bobo Stenson kjenner ein att frå først anslag på tangentane, og trioen har ein så distinkt sound at ein aldri er i tvil om kven ein lyttar på. Likevel gjev kvar gjennomhøyring nye oppdagingar. I det vare og avstemte uttrykket er det eit vell av detaljar som kjem til ‘syne’ litt etter litt.

Trioen hentar repertoaret frå mange og høgst ulike kjelder. Tittellåten er ført i pennen av den cubanske komponisten og visesongaren Silvio Rodriguez. Dei framfører også ei gripande tolking av Béla Bartóks «Bryllaupssong frå Poniky». I denne og påfølgjande («Three Shades of A House» av Anders Jormin) viser Fält sin meisterskap i å handsama cymbalane. Seinare gjer dei ei strålande tolking av Eric Saties «Elégie» i ein lett slentrande groove med eit kalas av eit basskor der Jormin med bogen vender attende til temaet.

Eitt av fleire høgdepunkt er tolkinga deira av den katalanske komponisten Fredric Mompous «Song og dansar no. 6». Her brukar dei effektivt Auditorio Stelio Molo studioet i Lugano til å skapa ein romklang som kler den laust samanføydde tolkinga.

Anders Jormin har alltid levert til repertoaret til denne trioen, men denne gongen er han representert med heile seks låtar. Dei har alle svært så ulik karakter. Ein kan sjølvsagt ikkje unngå å falla for den melodisk vakre «Oktoberhavet» som Stenson brukar til å skapa ein formfullenda improvisasjon, i «Stilla» går ikkje ostinatane på tomgang, og i «Hemingway Intonations» er dei i det harmonisk sofistikerte hjørnet.

Ein bautastein av ei plate. Må me venta seks år på oppfølgjaren?

Lars Mossefinn

Bobo Stenson (p), Anders Jormin (b) og Jon Fält (dr)

Skriv et svar