Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

COLIN VALLON TRIO

«Danse»
ECM 2517

Den sveitsiske trioen er ute med si tredje plate på ECM. Valon og Moret har jobba saman lenge og inngår også i kompet til den albanske vokalisten Elina Duni. (Hennar siste på ECM, «Dallëndyshe» er purt gull!) Sartorius var også med på førre ECM-utgjeving «Le Vent». Den musikalske filosofien ligg fast. I staden for utvikla det individuelt virtuose, søkjer Vallon & Co ei kollektiv tilnærming til improvisasjonen. Den glidande og til tider umerkande overgangen mellom det arrangerte og det improviserte er tvillaust ein sentral kvalitet ved musikken.

Triokonseptet til Vallon er ikkje nybrotsarbeid. e.s.t, Bad Plus, in the country og Tord Gustavsen har gjort ting som Colin Vallon Trio lener seg på, men dei gjer det med ein dedikasjon og ei kompromissløyse som får musikken deira til å framstå som særeigen.
Vallon har skrive ni av dei elleve låtane, ein har dei gjort på fellesen, og ein står Moret bak. Vallons komposisjonar er ofte konstruksjonar av repeterande akkordrekkjer og ein diffus melodikk. Oftast oppstår det noko hypnotisk i det musikalske forløpet, men innimellom kjem ikkje musikken av flekken, og det blir berre monotont. Det er heldigvis unntaka, og dei er det verkeleg få av. Store augneblink er det desto fleire av, og sjølve rosina i pølsa er den lyriske «Kid». Colin Vallon er det grunn til å sjekka ut, også med eigen trio. «Danse» er ein fin plass å byrja.

Lars Mossefinn

Colin Valon (p), Patrice Moret (b) og Julian Sartorius (dr)

Skriv et svar