Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

CRAIG TABORN

«Daylight Ghosts»
ECM 2527

På den tredje plata til Taborn på ECM samarbeider han med gamle vener. Bad Plus-trommis Dave King har samarbeidd med Taborn heilt sidan ungdomstida i Minneapolis. Chris Lightcap har ei fartstid med Taborn som strekkjer seg over ein halv mannsalder, og den travle saksofonisten Chris Speed har frå tid til annan spelt med Taborn. Dette er med andre ord ein gjeng som kjenner kvarandre godt.

Det merkast på musiseringa. Det er ikkje rett å kalla Taborn ein musikalsk kameleon, men han evnar å overraska. Han er sterk og tydeleg både som komponist, orkesterleiar og solist, men han dekkjer mykje musikalsk terreng. I denne samanhengen synest eg det mest overraskande er den meditative «Phantom Ratio» i eit herleg pulserande elektro-akustisk landskap. Elles er kombinasjonen av det stramme rytmiske og det frie harmoniske ei utømmeleg kjelde til fasinasjon. Opningskuttet «The Shining One» er nett det tittelen seier.

Legg ein så til at Roscoe Mitchells «Jamaican Farwell» har fått ei sårt vakker tolking. Vemodet og ettertanken står i høgsetet der og i «Abandoned Reminder».

«Daylight Ghost» er eit kremarhus av skaparkraft. Craig Taborn er ei messe verd!

Lars Mossefinn

Chris Speed (ts, cl), Craig Taborn (p), Chris Lightcap  (b) og Dave King (dr)

Skriv et svar