Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

EMILIA MÅRTENSSON

«Ana»
BABEL LABEL BDV14126

Av og til høyrer ein ting som ein berre må spela på ny berre for å få stadfesta at det ein høyrde ikkje berre var innbilling. «Vackra Människa» av og med Emilia Mårtensson som avsluttar denne plata er ein slik «Showstopper». Ein kort, fleirstemt acapella. Vakrare får du det ikkje.
Den andre plata til Mårtensson på den engelske etiketten er minneverdig for meir enn avslutningslåten. Plata inneheld ei knippe perler som spenner frå Joe Hendersons «Black Narcissus» (som Mårtensson har sett tekst til) til Paul Simons «Everything Put Together Falls Apart». På sistnemnde leverer den engelske pianisten Barry Green eit kor som gjev den gamle Simon-klassikaren ein ny dimensjon. Samarbeidet Green/Mårtensson har fått utvikla seg på båe Babel-platene, og høgdepunktet her kjem på den episke «Learnt from Love».
Emilia Mårtensson syng med uanstrengt eleganse og ei rytmisk fjellstø frasering. Den brasilianske perkusjonisten Adriano Adewale tilfører musikken eit kledeleg, eterisk rytmisk ‘fundament’. Arrangementa er eit kapitel for seg. Det er sjeldan ein høyrer så sparsam men effektiv bruk av strykekvartett. Høyr berre på Henderson-klassikaren «Black Narcissus». Strålande!

Lars Mossefinn

Emilia Mårtensson (vokal), Barry Green (piano), Sam Lasserson (bass), Adriano Adewale (perkusjon) og The Fable String Quartet

One Response to “EMILIA MÅRTENSSON”

Skriv et svar