Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

GARY PEACOCK TRIO

«Now This»
ECM 2428

Gary Peacock, som rundar 80 i dag (12. mai), har ein samarbeids- og innspelingsportefølgje som i dag er vanskeleg å matcha. I dei seinare åra har sjølvsagt deltakinga i Jarrett-trioen teke mykje tid, og totalt sett er ikkje diskografien hans som orkesterleiar spesielt omfattande, men kvaliteten er det ikkje noko å seia på. I så måte representerer ikkje «Now This» noko unnatak. Delikat, er karakteristikken som renn meg først i hug.

Peacock har delvis plukka repertoaret frå tidlegare utgjevingar. Opningssporet «Gaia» finn ein på duo-plata med Ralph Towner «Oracle» (ECM, 1993), «Moor» var inkludert på ei ECM-utgjeving tidleg på 80-talet med tittel «Voice from the Past – Paradigm» med Stanko, Garbarek og DeJohnette i bandet. «Vignette» var opningssporet på Peacocks ECM-debut frå 1977 «Tales of Another» med nettopp Jarrett og DeJohnette. «Requiem» er henta frå plata «Guamba» med Mikkelborg, Garbarek og Erskine som kom på ECM i 1987. Til glede for nye (og gamle) lyttarar har Peacock vore på skattejakt.

I saman med eigne nye låtar har han inkludert to bidrag frå Mark Copland og eitt frå Joey Baron (som i sin «Esprit de Muse» får briljera med det velkjende vispekompet) og Scott LaFaros kjende «Gloria’s Step».

Copland og Peacock har samarbeidd i mest 40 år, og det platedokumenterte hopehavet går attende til 1988 med trioplata «My Foolish Heart» i Copland sitt namn. Ein kan høyra at Copland og Peacock har spelt saman ein gong og to tidlegare, og på samspelet skulle mest tru at Baron hadde tilsvarande historikk.

Det er noko sobert og finpolert over musiseringa. Dei voldsomme eksessane uteblir. Likevel er det feil å seia at musikken er lidenskapslaus. Gjennomført og delikat!

Lars Mossefinn

Marc Copland (p), Gary Peacock (b) og Joey Baron (dr)

Skriv et svar