Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

JULIA HÜLSMANN QUARTET w/ THEO BLECKMANN

«A Clear Midnight (Kurt Weill And America)»
ECM 2418

Ei heil rad vokalistar har spelt inn heile plater med Kurt Weill, og i 1985 kom Hal Willners «Lost in The Stars. The Music of Kurt Weill» der så vidt ulike artistar som Tom Waits, Sting, Carla Bley og Charlie Haden tolka ymse Weill-låtar. Her på berget gjorde Music for A While med få unnatak ei Weill-hylling med «Weill Variations» (2009). Hülsmanns bidrag blir ikkje det siste.

Det originale med Julia Hülsmanns plate er at 11 av dei 12 utvalde låtane er henta frå Weills år i USA. Weill flytta til USA i september 1935 etter at han måtte forlata Tyskland i 1933. Med jødisk bakgrunn og politiske sympatiar til venstre i politikken, hadde han ikkje noko val.

Det har vore og er ein diskusjon kor Weill var på sitt mest originale og kreative – i Tyskland eller USA. Hülsmann har lagt inn eit godt ord for USA-perioden med denne innspelinga. Sjølvsagt er «Alabama Song», «September Song» og «Speak Low» med, men eg er mest begeistra for dei mindre kjente komposisjonane, m.a. dei tre med tekst av Walt Whitman – Tittellåten «A Clear Midnight», A Noiseless Patient Spider» og «Beat! Beat! Drums!» Her utfaldar Bleckmann seg ordlaust og føyer seg effektivt inn i ensembelet. Trompetar Tom Arthurs leverer flotte solistiske bidrag der inspirasjonen frå Kenny Wheeler og Paolo Fresu er høyrbar, men slett ikkje sjenerande.

Ei anna lita perle er «Little Tin God» der Bleckmann på Milton Nascimento’sk vis innleier i samsong med seg sjølv før Arthurs kjem inn. Hülsmann følgjer opp med eit genialt enkelt pianokomp. Dei tek seg ein tur på viddene med Arthurs og Hülsmann i solistrollen. Maxwell Andersons omkvede festar seg: «We come like the rainbow, we go like the shower/ And there’s no use living if you don’t like yourself!»

Julia Hülsmann har laga ei vakker hylling til den amerikanske Kurt Weill godt hjelpt av den faste trioen sin og vokalisten Theo Bleckmann.

Lars Mossefinn
Theo Bleckmann (v), Tom Arthurs (tp, flh), Julia Hülsmann (p), Marc Muellbauer (b) og Heinrich Köbberling (dr)

Skriv et svar