Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

KIT DOWNES

«Obsidian»
ECM 2559

Kit Downs er rekna for å vera blant dei mest talentfulle unge pianistane på den britiske jazzscenen. Fleire hugsar han sikkert frå førsteutgåva av Thomas Strønens band «Time Is A Blind Guide». Her er Downs i selskap med tre ulike kyrkjeorgel i Johannes døyparen-kyrkja i Snape og St Edmund-kyrkja i Bromeswell (båe små tettstader i Suffolk) og Union Chapel i Islington i London. Her har Downs og lydteknikaren Sun Chung hatt høgst ulike orgel og ditto akustiske rom å spela på/i.

Mykje av det som skjer på desse ti kutta er å testa ut klanglege aspekt ved orgla og kyrkjerommet. I ein del tilfelle tykkjer eg at eksprimenteringa tek overhand. Nokre av komposisjonane manglar ei tydeleg form og retning. I andre samanhengar får leiken og eksprimenta ei form som overtyder lyttaren om at Downs har noko viktig på hjarte. I «Modern Gods» får Downs selskap av saksofonisten Tom Challenger. Slike samtalar kunne det med fordel vore fleire av på plata.

Downs har komponert det meste av låtmaterialet og orgelet innbyr til å laga musikk med sterke kontrastar. Han let ikkje sjansen gå frå seg, men eg har mest sans for musikken når han er på det mest intime. «The Bone Gambler» er heilt nedpå og kontemplativ, medan «Flying Foxes» ber namnet sitt med rette, rastlaust viruost. Tek ein også med at Downs har inkludert ei noko sær tolking av folkesongen «Black Is The Colour» og avsluttar med «The Gift» som kunne gått rett inn i salmeboka, har ein vel sagt så pass at dette trass alt er ei mangfaldig plate og ein spesiell plante i jazzfloraen – som det er vel verd å lytta til.

Lars Mossefinn

Kit Downs (org) og Tom Challenger (ts)

Skriv et svar