Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

LENA SKJERDAL

«Mjuk vek»
NORCD 1444

Lena Skjerdal er klar med oppfølgjaren til «Home» (2009), også denne på NORCD. Vek (n.) tyder enten innsving på felekassa, midje eller ein del av ein slått. Kva tolkningsmessige implikasjonar dette har, har eg enno ikkje funne ut av.

Dei åtte låtane er ein miks av sjølvlaga og andre sine låtar. Det kjem ikkje som ei overrasking at folkemusikken set sitt preg på plata. Både bånsullen «So ro rela» av Karl Eldegard, Seglems «Song for to» og Skjerdals tittellåt er med på å gje utgjevinga dette preget. Det er i desse låtane Skjerdal er på sitt sterkaste. Tittellåten opnar som ein stillferdig bånsull som blir avløyst av ein multispors vokalsekvens med støtte av Isungset, berre slik Isungset kan. Bandet kjem inn og Seglem leverer eit fin kor på tenorsaksofon. Musikken vender attende til tempoet og stemingsleie frå byrjinga. I førstnemnde får ho sjarmerande hjelp av dottera Liva før bandet kjem inn og løyser opp det statisk harmoniske gjennom ein dramatisk crecendo. Låten vender også her attende til utgangspunktet.

Skjerdal har skrive norsk tekst til Stings «Tea in The Sahara» og serverer ein neddempa, tilnærma rubato ballade med fantastisk komp av Erik Halvorsen.

Dei tre siste låtane på plata er blant dei minst minneverdige. Tekst og musikk til låten «Ja» er ført i pennen av Skjerdal. Teksten er utan tilstrekkeleg poetisk kraft, og låten har ikkje mykje ved seg som vekkjer interesse. Erik Halvorsen har laga ny melodi til Tor Jonssons «Nærast er du når du er borte». Her blir det litt som å hoppa etter Wirkola.  Lars Søraas sin enkle og geniale melodi til Sivles «Den fyrste song» er vakkert tolka, men det manglar litt rytmisk spenning som 6/8 inviterer til.

Likevel, mykje å gle seg over både når det gjeld låtmateriale, ensemblespel og Skjerdals nære og levande stemme.

Lars Mossefinn

Lena Skjerdal (v), Erik Halvorsen (p), Ole Marius Sandberg (b), Terje Isungset (dr, perc), Karl Seglem (s, bukkehorn) og Liva Åsnes Skjerdal (v, 3)

Skriv et svar