Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

På skive

MICHEL PETRUCCIANI

«Kuumbwa»
ELEMENTAL MUSIC

Den franske pianisten Michel Petrucciani (1962-99) var fødd med osteogenesis imperfecta (beinskjørheit) og var kortvaksen. Trass mykje smerte og sterk rørslehemming sette han spor etter seg i jazzsoga i løpet av dei 36 åra han fekk blant oss.

Med samleplater og posthume utgjevingar byrjar platekatalogen hans å nærma seg 50. I 1982 vitja Petrucciani Charles Lloyd i California og fekk han ut på scenen att. Samarbeidet mellom dei to var fruktbart og veldokumentert m.a. gjennom John Charles Jopsons film One Night with Blue Note og Lloyd-utgjevinga Montreux 82. Han samarbeidde også med andre saksofonistar som Steve Grossman, Joe Lovano og Wayne Shorter. På slutten av karrieren blei han sterkt hekta på å spela solo.

Det Barcelona-baserte selskapet Elemental Music har som mål å gjenutgje klassiske innspelingar innan jazz og rock som ikkje lenger å få fatt i og ikkje tidlegare utgjevne opptak, som denne og t.d. Cecil Taylor Unit Fragments – The Complete 1969 Salle Pleyel Concerts (meldt her 25. april).

Innspelinga er henta frå ein konsert 11. mai 1987 på Kuumwa Jazz Center i Santa Cruz. Repertoaret er sett saman av kjente klassikarar som «All The Things You Are», «Someday My Prince Will Come», «Stella by Starlight», «My Funny Valantine» og «Autumn Leaves», Miles Davis sin «Nardis», Wayne Shorters «Limbo» og Charles Lloyds «Sweet Georgia Bright» samt fire Petrucciani-originalar.

På eit ikkje altfor bra piano spelar Petrucciani i kjent stil. Kanskje litt meir kontrollert og lyrisk enn på sitt mest ekstroverte? Eg synest at dette kler uttrykket. Samspelet er tett og fint, og Holland får rikeleg med solistisk plass, noko som aldri er feil. På ei plate der ballade og medium tempi er dominerande, er ein av dei mest vellukka tolkingane ein mest elleve minuttar lang versjon av «Nardis» er ein del jarrettske fraser i spelet til Petrucciani som er ein fryd for øyro. Her får også Zigmund vist fram solistkvalitetane sine. For Petrucciani-fans er sjølvsagt denne utgjevinga eit must, men for nykomarar er plata ein fin introduksjon til ein eineståande pianist.

Lars Mossefinn

Michel Petrucciani (piano), Dave Holland (double bass), Eliot Zigmund (drums)